Tilbake til alle arrangementer

Frokostsamtale med Kjell Habbestad og Ove Eide

  • Stiftinga Gloppen Musikkfest Sandane Norway (kart)

Velkommen til frokostsamtale på Lauget under Gloppen Musikkfest.

Det ligg an til ein spennande samtale mellom komponist Kjell Habbestad og Sande-biograf Ove Eide i høve reframføringa av Habbestads tingingsverk frå festivalen i 2012, "Mi sjel er ei eolsharpe", kor Jakob Sande sine tekstar går som ein raud tråd gjennom verket. Den omarbeidde versjonen som framførast på festivalen kallast berre “Eolsharpa”.

Rasmus Reed leiier samtalen.

Er vi heldige rekk komponisten av årets tingingsverk nedom også. Craig Farr har skrive "Algorhytmical multicellularity" spesielt til distiruktsmusikarane i Sogn og Fjordane - og vert urframført i Frydenbø kl. 12 same dag.

Det vert høve til å kjøpe seg ein kaffe og gjerne ein bolle - men kjøkenet treng litt tid på å fylle disken med heile sortimentet såpass tidleg.

Dørene opnar 08:45 - og det er gratis inngong!

Tidligere arrangement: 7. september
Heimleg - opningskonsert
Senere arrangement: 8. september
Lunsjkonsert IV - Frydenbø bilsenter, Kleivedammen