Vil du vere frivillig for festivalen!?

Mykje av festivalorganiseringa og alt praktisk foregår på dugnad - så vi treng mange frivillige, og vi treng mange ulike frivillige.

Nokon kan bake ei kake eller ein pose rundstykker. Nokon er publikumsvertar. Nokon kan køyre til eller frå flyplass og overnattingsplassar. Nokon har eit rom eller ein hybel der det er plass til ein eller fleire musikarar. Nokon set ut stolar. Andre kjem og tek ei økt med å smøre baguettar eller skjære grønsaker til suppa. Nokon koordinerer heile festivalplanen og alle dei frivillige. Har du mogelegheit til å vere med på noko av dette i år?

Ta kontakt med ein av oss i festivalen, eller fyll ut skjemaet nedanfor. TAKK!

PS - alle frivillege får billettar til avslutningskonserten søndag i Vereide kyrkje.