Håvard Gimse
Pianist Håvard Gimse har vitja Gloppen og Musikkfesten fleire gonger tidlegare. Vi er svært glade for å ha han tilbake i september. Han har etablert ei imponerende internasjonal karriere og er ettertrakta både som solist og kammermusiker. Gimse har vunne fleire prestisjetunge prisar og delteke på ei heil rekke innspelingar. Han har motteke både Sibelius- og Grieg-Prisen for sine tolkningar, samt prisar frå Diapson og Gramophone Critics Choice. Gimse er og professor ved Norges musikkhøgskole. Dessutan var det han som plukka ut flygelet som står i kultursalen vår!
Maridalen & Lars
Lillo-Stenberg
Den anerkjende jazztrioen Maridalen er attende med eit nytt prosjekt – denne gongen i samarbeid med låtskrivar og historiefortellar Lars Lillo-Stenberg, kjend for sine karakteristiske visetolkningar og for evna til å skildre det kvardagslige med varme og særpreg. Resultatet vart EP-en Fransk utgang, spela inn i mars 2025 i eit hus i den vesle franske landsbyen Sanxay. Låtane vart skrive og komponert i fellesskap under opphaldet og kretsar kring reiser, betraktningar frå landsbyen, lengsel, undring og kjensla av å komme heim att. Tekstane reflekterar over kva det eigentleg betyr å reise bort – og kva ein oppdagar undervegs. Der kor Lillo-Stenbergs særeigne uttrykk treff Maridalens åpne og nordiske kammerjazz, oppstår ein musikk som er både melodisk og fortellande, åpen og nær.
Maridalen har dei seinare åra markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt, med tre kritikarrosa album og konsertar på festivaler i hele Europa. Med Fransk utgang åpnar de sammen med Lillo-Stenberg døren til et nytt musikalsk landskap - som vi får gleda av å vandre inn i saman med dei i Vonheim!
Maria Włoszczowska
Den polske fiolinisten Maria Włoszczowska er anerkjend for sitt allsidige musikalske talent, som solist, dirigent/konsertmeister og kammermusikar. Maria hadde sin solodebut ved BBC Proms i 2022, der ho framførte Kaija Saariahos Vers toi qui es si loin med Royal Northern Sinfonia og Dinis Sousa. Med konsertar frå Hong Kong til New York og Brussel har ho verda som arbeidsplass, og ho gjorde nett eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester i Oslo!
Ho har vore gjestedirigent for Chamber Orchestra of Europe og Deutsche Kammerphilharmonie Bremen, i tillegg til å ha vore solist med fleire internasjonale ensembler, inkludert symfoniorkester og kammerorkester i heimlandet Polen.
Med stadig nye store roller som både solist og leiar, er ho ein av Europas mest spanande musikarar nett no. Under konserten torsdagskvelden kan du oppleve hennar briljans på nært hald.
Francisco López
Francisco López har vore solofløytist i OBC - symfoniorkesteret i Barcelona - sidan 2018. Han var tidlegare solofløytist i Oslo-filharmonien og Göteborgsoperan. Størstedelen av karriera hass har faktisk funne stad i Skandinavia, kor han budde i meir enn ti år, og han har samarbeida med de viktegaste nordiske orkestra. Han har vunne fleire internasjonale utmerkingar, mellom anna heile fire prisar under ARD-International Music Competition i München i 2015
Han er ein svært aktiv pedagog og gir meisterklassar ved mange utdanningsinstitusjonar i Spania, Sverige og Noreg. I tillegg er han komponist og crossfit-utøvar!
Anders Nilsson
Fiolinisten Anders Kjellberg Nilsson kjem opprinneleg frå Oslo, men bur no i Sverige, der han er tilsett som 1. konsertmeister ved Kungliga Operan i Stockholm. Han har vore solist med samtlige symfoniorkester i Noreg og opptrer ofte som kammermusikar og ensembleleiar. Som ensembleleiar har han hatt lengre samarbeid med Kammerorchester Basel, Wermland Operas orkester og Trondheim Solistene, og før han starta sitt engasjement ved Kungliga Operan, var han tilsett som konsertmeister i Kringkastingsorkesteret. Åra 2008-2014 var Anders kunstnarleg leiar for Hardanger Musikkfest. Han har og delteke på ei rekke plateinnspelingar.
Gloppen og Anders kjenner kvarandre godt, og det er ei stor glede å ønske han velkomen attende.
Charles-Antoine Archambault
Fransk-tyske Charles-Antoine Archambault er 1. cellist i Orquestra Simfònica de Barcelona i Nacional de Catalunya (OBC) - Barcelona symfoniorkester. Han har vunne ei rekke internasjonale prisar, inkludert J&A Beare Solo Bach-konkurransen (London), den internasjonale Beethoven-konkurransen og Possehl Musikpreis, og mottok den prestisjetunge prisen Ton und Erklärung – Werkvermittlung in Musik und Wort i Hannover i 2013.
Som solist har han opptredd med leiande europeiske og internasjonale orkester, inkludert NDR Radiophilharmonie, BR Rundfunkorchester, WDR Funkhausorchester, Barcelona Symphony Orchestra, Ulster Orchestra og Janáček Philharmonic Orchestra. Han har tidlegare vore solocellist i WDR Symfoniorkester Köln og i Ulster Orchestra. Han er for tiden solocellist i Orquestra Simfònica de Barcelona i Nacional de Catalunya (OBC).
Han er aktiv som kammermusikar og samarbeidar jemnleg med leiande artistar. Han underviser i cello og kammermusikk ved Liceu-konservatoriet i Barcelona.
Aine Suzuki
Aine er fødd i Japan, men har studert og jobba fleire stader rundt om i verda. Ho blei først utdanna fiolinist, men så fann ho bratsjen - og det har vi fått gleda av fleire gonger i Gloppen tidlegare. Ho er førstebratsjist hos Den Norske Opera og Ballett og spelar i Det Norske Kammerorkester.
Bratsjisten jobbar og aktivt som pedagog. Ho er mellom anna professor ved Valencia International University. Ho har vunne fleire inernasjonale konkurransar, som førstepremie og Leo Weiner-spesialpris i den internasjonale Weiner Leo-musikkkonkurransen i Ungarn, førstepremie i Premio Francesco Geminiani i Verona og juryens spesialpris i All Japan Music Competition.
Kenneth Ryland
Kenneth Ryland er fødd i Bergen! Han har vore ansatt som nestgruppeleiar på kontrabass i Oslo-filharmonien sidan 1992, og frå 2010 har han vært orkesterets solobassist. Sesongen 2003–2004 var han solobassist i Kringkastingsorkestret. Heil sidan 1992 har han spilt jamnleg med Det Norske Kammerorkester, kor han har delteke på turnéar og innspelingar med mellom anna Iona Brown, Terje Tønnesen og Isabelle van Keulen.
Kenneth Ryland er ein ettertrakta kammermusikar og har delteke på mange festivalar. Han har framført sentrale verk for kontrabass med musikarar som Christian Tetzlaff, Elisabeth Leonskaja, Isabelle van Keulen og mange leiande norske musikarar.
Ida Klokk-Bryhn &
Audun Sandvik
Våre kunstnarlege leiarar Audun (cello) og Ida (bratsj) er særs røynde kammermusikarar, og har spelt med dei fleste på det meste dei fleste stader. Dei er begge faste medlemmer i Det Norske Kammerorkester, og er sjølvsagt musikarar under Gloppen Musikkfest saman med resten av festivalmusikarane.
