Det Norske Kammerorkester er eit prosjektorkester sett i hop av dei fremste norske instrumentalister, og det har sidan starten i 1977 utvikla seg til å bli eit av dei fremste kammerorkestra på den internasjonale konsertarena.

Orkesteret har gjesta konsertsalar over store delar av Europa, USA, og Asia fleire gonger. Nærmare 40 CD-innspelingar er lansert, slik at det meste av repertoaret for strykeorkester er spelt inn. I tillegg kjem fleire innspelingar med solistar som Leif Ove Andsnes, Terje Tønnesen, Iona Brown, Lars Anders Tomter og Tine Thing Helseth. 

Orkesteret har spelt med ei rekke norske og internasjonale solistar, og har alltid lagt vekt på å presentere musikk frå eiga tid som del av konsertrepertoaret. Som del av dette, bestiller og urfremfører orkesteret stadig nye verk av norske og utanlandske komponistar.

Orkesteret har si eiga konsertserie i Universitetets aula i Oslo, i tillegg til å spele spiller fleire andre stader i og utanfor Oslo. 

Faste kunstnariske leiarar og gjesteleiarar har vore Iona Brown, Leif Ove Andsnes, Isabelle van Keulen Martin Fröst, François Leleux og Steven Isserlis. Noverande kunstnarisk leiar er Terje Tønnesen, som har hatt denne rolla sidan starten i 1977. 

Gjennom vekslande bruk av rutinerte musikarar og unge talentfulle instrumentalister, utviklar orkesteret hele tida sin eigen spillestil og orkesterkultur. Orkesteret er slik med å bygge den posisjonen norske utøvarar og ensemble har internasjonalt.

 

Terje Tønnesen er blant Norges leiande fiolinister og innehar ein sentral posisjon i norsk musikkliv, med stilling både som kunstnarisk leiar for Det Norske Kammerorkester og som førstekonsertmester i Oslo Filharmoniske Orkester. Terje Tønnesen gjorde ein sensasjonell debut som 17-åring i 1972.

Ein debut «så blendande at det knapt har sidestykke», som det het i ein Osloavis. Etter 5 år med studiar i Sveits vart han i 1977 kunstnarisk leiar for Det Norske Kammerorkester. Tønnesen har vunne fleire internasjonale priser og her hjemme har han mottatt både Griegprisen og Kritikerprisen. Han har turnert i Europa, USA, Kina og Sovjet og har i løpet av sin karriere samarbeidet med musikarar som Mstislav Rostropovitsj, Maurice André og James Galway. Tønnesen leiar i tillegg det svenske ensemblet Camerata Nordica.

Terje Tønnesen har vore solist med alle dei norske symfoniorkestra og er stadig utanfor landets grenser til engasjement med andre orkestre. Han har gjort innspeling av Griegs fiolinsonatar saman med Einar Henning Smebye, spelt Hallgrímssons Poemi og Sjostakovitsj’ 2. fiolinkonsert for EBU, samt uroppført Terje Rypdals Unisonus, skrive for ham. I tillegg har han gjort en lang rekke innspelingar både med Det Norske Kammerorkester og Oslo Filharmoniske Orkester. Tønnesen har dei seinare årene også skrevet musikk til fleire teaterframsyningar, og jamleg skriv han om kammermusikk til musikk for strykeorkester.

Erlend Apneseth er musikar og komponist - frå Jølster i Sogn og Fjordane, no busett i Ål. 

Erlend starta i Indre Sunnfjord Spelemannslag då han var 10 år, og hadde Knut Sandal og Sigmund Eikås som læremeistarar der. Han held fram med Sigmund Eikås som lærar medan han gjekk på musikklinja Firda vidaregåande skule på Sandane. Erlend nemner elles at han «hadde både Gro Marie Svidal og Synnøve S Bjørset i umiddelbar nærleik – og det var inspirerande og eg lærte slåttar av dei også,  men det var Sigmund som var min læremeister fast i ein 7-8 år før eg reiste ut for å studere.» 

Erlend Apneseth har hatt ein forrykande karriere sidan debutalbumet «Blikkspor» i 2013. Han har gitt ut seks album, ogvore nominert til Spellemannprisen fire gonger. I 2020 fekk han prisen for plata «Salika, Molika» med Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli. Plata var også nominert til Nordic Music Prize og fekk NOPA-prisen for beste album i open klasse.

Albuma er også plassert på lister over årets beste album i internasjonale tidsskrifter som BBC Music Magazine, Le Monde og The Chicago Reader. Forutan hardingfela og folkemusikken har han fordjupa seg i komposisjon, improvisasjon og alternative klang og pizzicatoteknikkar, i tillegg til ei rekke samarbeidsprosjekt med andre musikarar, teater, orkester, dansarar og poeter. Med strålande kritikkar i inn- og utland har han fått en rekke priser for sitt kunstnerskap, som Fure-prisen, Øyvind Berghs minnepris og Rolf Gammlengs pris i 2018.

Vi gler oss over å kunne hente Erlend attende til fylket og Gloppen som komponist og musikar!

Ørjan Matre , komponist, er fødd i 1979 og kjem frå Bergen. Frå 1999-2005 studerte han komposisjon ved Noregs Musikkhøyskole, der mellom anna Olav Anton Thommessen, Lasse Thoresen, Henrik Helstenius og Bjørn Kruse var rettleiarar. Etter studiane har han etablert seg som ein av Noregs fremste komponistar, med ei rekkje prisar og utmerkingar som Edvard-prisen, De unges Lindemanpris, TONOs komponistpris og Spelemannsprisen. I 2020 vart Matre nominert til Nordisk råds musikkpris. Han skriv mykje kammermusikk i tillegg til ei stadig større rekkje verk for fullt symfoniorkester, og har jobba saman med Erlend Apneseth om komponering og orkestrering av verket Kildeskrift som får sin urfremføring under årets opningskonsert.

Per Håkon Oftedal er frå Sandane og har bakgrunn i kulturskulen og korpsrørsla i Gloppen. Han har studert klassisk trompet i Oslo, Köln og Salzburg, i tillegg til eit år som stipendiat hos Ensemble Modern i Frankfurt. I løpet av studietida utvikla han ei spesiell interesse for barokkmusikk og samtidsmusikk. På barokktrompet vert han brukt av ulike spesialistensemble i fleire europeiske land. Han er medlem av, og har vore med på å bygge opp, barokkensemblet BachWerkVokal i Salzburg, som har to kritikarroste CD-ar bak seg og nettopp spelt inn ein tredje med både ny og gamal musikk. Han er også med i den tyske festivalen Podium Esslingen, og hatt kunstnariske prosjekt i DR Kongo. Han har no basen sin i Salzburg og er med på ulike prosjekt for det meste i Austerrike, Tyskland og Noreg. Når han ikkje spelar trompet går eller klatrar han i Alpane, eller praktiserer og underviser yoga. Han er også medarbeidar i ein butikk som sel barfotsko, for å ha ei sikker inntekt under pandemien, men også fordi det er artig!

Malin Alander er ein folkesongar med røtter og tradisjon frå Gloppen kommune og Sogn og Fjordane. Ho har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule og er i dag ansett som distriksmusiker i folkesong i Gloppen kommune. Ho har dei siste åra både jobba grundig med den tradisjonelle folkesongen, men og eksprimentert med improvisasjon og samtidsmusikk. Stemma og den sceniske formidlinga til Malin kan karakteriserast som fleksibel, med breid og klar, og med nærhet og direktehet som treff lyttaren. Som solist er ho inderleg, tilstedeværande og spontan.

DISTRIKTSMUSIKARAR FRÅ VESTLAND

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med tilsaman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald. Dei tre gruppene er knytt til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn.

Distriksmusikarane underviser i kultur- skulen, held konsertar både på skular, i barnehagar og i det offentlege og deltek på større konsertprosjekt i samarbeid med andre profesjonelle musikk- aktørar samt det frivillige musikkliv i fylket. Vi er glade for å ha fylkets eigne profesjonelle krefter med på laget, og under årets Musikkfest vert det konsert med distriktsmusikarar både tysdag, onsdag, torsdag og fredag kl 12 - i litt ulike ensemble. Gloppen-gruppa vert å høyre tysdag. Torsdag er det musikarar frå Sunnfjord og fredag er det musikarar frå alle tre gruppene. Mellom dei 20 er det også folkemusikarar, og dei har sin eigen konsert onsdag i festivalveka.

SOGN
Bjørn Gisle Seter
, song, Akiko Anazawa, piano, Leif Aslaksrud, basstrombone, Marin Stallemo Bakke, fele/hardingfele Hans Holgersson, cello

LÆRDAL
Tom Karlsrud
, trekkspel

SUNNFJORD:
Henri Eftevand
, fiolin, Julia Gåsvær, trompet, Christine Marøy, song, Ole Nilssen, trekkspel, Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele Noemi Utasi, piano, Jacob Wyrtz, gitar, Helga Wyrtz, fløyte

GLOPPEN
Thomas Aanonlie
, slagverk Malin Alander, folkesong, Tone Støylen Holgersson, piano Otto Ose, fiolin, trompet, elbass Ann-Margrit Silfverhielm, song Henrik Silfverhielm, cello