SEMINARET STARTGROPA 2026
NO kan du søke deg til verdas finaste kammerseminar - Startgropa 2026!
17.-21. mars - i Breim i Gloppen
Startgropa er eit kammermusikkseminar for klassiske musikarar i etableringsfasen, i regi av Gloppen Musikkfest. Deltakarane får instruksjon og tilbakemelding frå nokre av Norges beste kammermusikarar, og høve til å spele saman med dei. Seminaret finn stad i Breim i Gloppen, og består av eit par dagar med innøving, før ein spelar konsertar/drar på turné i Vestland fylke med Bergen som siste stopp. Våre to kunstnarlege leiarar Audun Sandvik og Ida Klokk-Bryhn er mentorer og samspelarar.
Startgropa er først og fremst eit tilbod til deg som elskar kammermusikk. I tillegg må du vere ferdig med minst ein bachelorgrad i utøvande klassisk musikk, og vere i starten av ditt utøvande verke som musikar. Alle instrument kan søke, også song, men øvre aldersgrense er 30 år. Søkarar frå Vestland kan verte prioriterte. I 2026 vil kurset finne stad i perioden
tysdag 17. mars til laurdag 21. mars. Vi startar med nokre dagar i Gloppen, og ender opp i Bergen.
Foto: Bård Gundersen / Det Norske Kammerorkester
Vil du vere med på STARTGROPA 2026?
Send ein søknad via denne lenka innan 4. januar 2026:
Søknadsskjema Startgropa 2026
Deltaking på seminaret, med mat og opphald er gratis.
Vi tilbyr i tillegg eit symbolsk honorar.
Foto: Bård Gundersen / Det Norske Kammerorkester
Meir info til de som er konsertgjengarar under Startgropa kjem fortløpande.
Arrangert med støtte fra Dextra - Sparebankstiftelsen DNB
Bakgrunn:
Gloppen Musikkfest har i fleire år hatt fokus på, og dratt i gong aktivitet, retta mot unge klassikarar – unge frå fylket som er i gong med høgare utdanning innan klassisk musikk eller som er i starten av ei karriere som utøvande klassiske musikarar.
Under pandemien var det vanskeleg for unge profesjonelle klassiske utøvarar å finne ein arena å syne seg fram på, bygge nettverk og ta spranget ut av startgropa. Difor arrangerte vi Startgropa i 2021 og 2022. No held Startgropa fram som eit fast tilbod til unge klassikarar i Vestland og landet elles.
