Tine Thing Helseth

Tine har gjennom ei allereie lang internasjonal karriere spelt verda over. Ho har vunne titals prisar og utmerkingar, og har ei rekke plateinnspelingar bak seg. Ho behersker eit breitt repertoar, frå det klassiske til samtidsmusikken og jazzen. Med har ho den strålande pianisten Gunnar Flagstad som er godt kjent i Gloppen!

ULD

Mot slutten av 2024 var det ULD i alle kanalar. Med vakre og varsame harmoniar, sterke norske tekstar og uortodoks besetning gjekk det varmt både på Tiktok og i rikspressa. I eit spenn mellom viser, folketonar og kammerpop har trioen funne vegen fram til eit stort publikum og trippel-nominasjon til Spellemannprisen. Dei spelar onsdag kveld i Trivselshagen. ULD er Une Lorentze Onarheim på vokal, Lucia Andreadatter Utnem på piano og Dagny Braanen Lindgren på trekkspel.

 

Elise Båtnes

Elise Båtnes (fiolin) har hatt ei stor karriere alt frå ho tidleg i tenåra. Ho er i dag 1. konsertmeister i Oslo Filharmoniske Orkester. Dette er fyrste gong ho vitjar festivalen.

Foto: Sveinung Bjorå

Liv Hilde Klokk-Bryhn

Liv Hilde Klokk-Bryhn (fiolin) har vitja musikkfesten fleire gonger før! Ho spelar til vanleg mellom anna med Det Norske Kammerorkester og er medlem av Oslo Strykekvartett!

Foto: Magnus Skrede

Nicholas Bootiman

Nicholas Bootiman held til i Storbritannia kor han er førstebratsjist i Royal Liverpool Philharmonic. Han verkar også mykje som dirigent!

Louisa Tuck

Louisa Tuck er solocellist ved Oslo-Filharmonien. Før dette var ho seksjonsleder for cello ved Royal Northern Sinfonia. Hun har vore gjestesoloist for mellom anna BBC Symphony, Philharmonia og Sydney Symphony Orchestra.

Unni Løvlid

Unni har gjennom ei lang internasjonal karriere alltid hatt noko nytt på gong i spennet mellom folkemusikken og samtidsmusikken. I tillegg er ho førsteamanuensis ved folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole. Ho er gjestekurator for årets festival.

Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik

Våre kunstnarlege leiarar Audun (cello) og Ida (bratsj) er særs røynde kammermusikarar, og har spelt med dei fleste på det meste dei fleste stader. Dei er begge faste medlemmer i Det Norske Kammerorkester, og er sjølvsagt musikarar under Gloppen Musikkfest saman med resten av festivalmusikarane.