Knut Reiersrud og Geir Sundstøl
spelar Pucell for oss i februar!
Foto: Marthe Vannebo
Reiersrud og Sundstøl hyllar den britiske poppens stamfar på plate og på scene!!
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl slapp albumet Purcell, sannhet, løgn og dårlig hukommelse (Grappa) 25. september 2026.
Sanning:
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl har kjent kvarandre i over 35 år. Likevel har dei to strengemeistrane nesten aldri spelt saman. Berre på ei og anna plateinnspeling for andre artistar. Heldigvis finst det folk her i landet som kan telje til to!
Tidlegare Sildajazz-sjef Andreas Meland, mannen bak plateselskapet Hubro, har i fleire år drøymt om å la dei to møtast for firhendig gitarmagi. Det kan hende det kom som ei overrasking på Meland at dei to gitaristane har valt å lage plate basert på verka til den engelske barokkkomponisten Henry Purcell. Servile gitarduoar, framførte med fotskammel og sjakett, blir det likevel ikkje. Her får vi frimodig improvisasjon og avstikkarar til det ville vesten, den indiske mystikken og den svenske synda.
Reiersrud og Sundstøl har begge ei lang historie med å omarbeide musikalske verk. Franz Schubert, John Coltrane, L. V. Beethoven og David Bowie har alle gått gjennom den musikalske kverna til dei to herrane. No er det altså musikken til Henry Purcell som står i fokus. Kvifor treng verda ei plate der «Knut og Geir vrir om på Purcell»? Lat oss svare litt pompøst, slik dei likte det på 1600-talet:
Musikken til Purcell har ein heilt eigen emosjonell djupn. Verka er ofte storslått arrangerte for store orkester. Samstundes har dei ei djupn som mellom anna har skapt nokre av dei sterkaste augneblinkane i filmhistoria. Det er denne djupt menneskelege og varmande kjernen i tonespråket dei to ønskjer å formidle med gitarane sine. Gjennom tolkingane til Reiersrud og Sundstøl er det som om ein kan ane røtene til den universelle kvaliteten i britisk popmusikk. Kombinert med det faktum at begge musikarane tidleg hamna i den afrikanske og amerikanske musikkgryta, ligg alt til rette for uhøyrd og kosmisk strengemagi på scena.
Løgn:
Knut og Geir er to strålande musikarar. Det mange ikkje veit, er at dei òg er ivrige fridykkarar. På ein av dei mange dykketurane sine fann dei, på 12 meters djupn, ei samling steinkaker, eller 78-plater. Samlinga bestod i hovudsak av musikk av Henry Purcell. Knut og Geir tok dette som eit teikn!
Dårleg hugse:
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl er fødde i kvar sin ende av sekstitalet. Dei høyrer til den siste generasjonen som lærte seg å spele på eiga hand. For barn var syttiåra den siste stille tida. I tidsrommet mellom skuleslutt og middag skapte ein seg ein fristad. Nokre sparka ball på løkka. Andre spelte kornett i det lokale korpset. Knut og Geir øvde på gitar på guterommet. Musikkundervisning var for familiar med ambisjonar innan klassisk musikk.
For Knut og Geir var det viktigaste å trykkje på gitarhalsen der det lét bra. Ofte i samklang med platespelaren. Begge føretrekte å spele oppover halsen, éi streng om gongen. Det fungerte ofte best saman med folkeleg musikk, slik det gjerne var på platene som snurra på platespelaren. Dette er ein meir tungvint metode enn å la handa fyke opp og ned i same posisjon på gripebrettet. Han skaper meir friksjon. Akkurat som når du stryk fyrstikka langs stripa på ei fyrstikkøskje.
Det er nettopp denne friksjonen, eller varmen, som er med på å gjere ein konsert med Reiersrud og Sundstøl til ei unik oppleving!
Gloppen Musikkfest 2026 gneistra slik vi hadde håpa på - takka vere musikarar i verdsklasse, varmt publikum og eminente hjelparar! Årets festival går verkeleg over i historiebøkene med utheva skrift. Takk for i år!
Foto: Øystein Torheim
Takk til eineståande musikarar som samhandla på eit inspirerande vis med ein dedikasjon, presisjon og kjærleik til musikken som smitta over på oss som høyrde på.
Takk til publikum - både vårt trufaste og dei som var nykommarar. Det er jo for dykk vi lagar festival, og vi er så glade for at de tek imot oss med opne øyrer - sjølv om vi veit de nokre gonger får litt meir å jobbe med enn de kanskje hadde tenkt.
Takk til våre frivillige. Utan dykk - ingen festival. Høyrer du, Jan Tore? Enkelt og greitt. Takk til deg som bakte ei kake eller tok oppvasken. Takk til deg som husa musikarar eller kanskje køyrde musikarar til og frå, og som tok imot publikum. Og det må også seiast: Det har vore mykje skryt til musikarane under festivalen, men dei som fekk flest superlativ i si retning gjennom veka var kjøkkenet! Så stor takk til matansvarlig Margot og hennar mannskap for topp bevertning gjennom veka.
Takk til Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane for at de fylte veka med musikk. Det er ikkje utan grunn at Frydenbø-konserten jamnt er den best besøkte konserten under festivalen.
Takk til Gloppen Demenskor for enorm glede!
Takk til Arne Søholt som i år igjen skreiv innsiktsfulle programomtaler til oss. Alltid kjekt å lese! Administrasjonen tek litt sjølvkritikk på skriftstørrelsen i konsertprogramma, men berre litt.
Takk til Rasmus for innsikt og engasjement!
Takk til John Rune og Gloppen kulturskule for all god hjelp (som tradisjonelt spurt om i siste liten).
Takk til Firda vidaregåande skule for utstyr og fleksibilitet.
Takk til Hild og Ida for all kritikken. Det var på tide å få nye runder.
Takk til Vonheim som slapp oss inn, og som hjelpte oss med servering og god stemning. Det ga meirsmak!
Takk til Kyrkja i Gloppen for smidig samarbeid.
Takk til Gloppen folkebibliotek for at de alltid seier JA!
Takk til Kulturhuset Trivselshagen med alle sine hjelparar og tilretteleggarar. Alltid godt å vere hjå dykk!
Takk til Andreas og Runar for at vi fikk sjå lyset, og til Torbjørn for at vi fekk høyre!
Takk til verdas aller beste Mildrid og gjengen hennar som gjer kvardagen til musikarane til ein leik, og gir publikum saumlause opplevingar. Det ligg ein enorm jobb bak. Takk!
Takk til ALLE små og store sponsorar. Dykkar stønad er avgjerande for at vi kan halde det kunstnarlege nivået vi gjer.
Takk til Patrick og Retura for verdas smidigaste pianoflytt. De redda verkeleg dagen, veka og nattesøvnen!
Særleg takk til verdas beste hovudsponsor Frydenbø Bil - som år etter år sørger for kontinuitet, trygg (og elegant) transport og det beste konsertlokalet!
Takk til Kulturrådet, Vestland fylkeskommune, Gloppen kommune, Sparebankstiftinga og Dextra.
Og sjølvsagt sjølvsagt sjølvsagt, takk takk takk takk til Maridalen og Lars, Anders, Maria, Aine, Ida, Charles, Audun, Kenneth, Paco, Håvard, Sirkus Opplett og Startgropa. De nådde heilt inn til oss. Kvar gong!
Me sjåast i veke 36 neste år også! Det blir noko for seg sjølv då også. Følg med!
<3 …og vi har ikkje gløymt nokon. Vi har evt. berre slurva… <3
Med føtene på jorda
Då vi for nokre år sidan la opp idéar og visjonar for åra som skulle kome hadde årets festival arbeidstittelen “jorda” - med det som gror, det som gir oss liv, det som forsvinn, det som held alt i hop, det vi øydelegg og det vi er.
Undervegs vart det tydelig for oss at vi vart meir og meir jorda det meir vi tenkte og programmerte. Vi ville attende til kjerna, til kammermusikken, til samspelet, til møtet mellom publikum og utøvarar - det som gjer at vi grøder. Vi ville senke dørterskelen og gjere porten vid, sleppe publikum tett innpå oss. Difor har vi vore frie i programmeringa, og lagt fleire av hovudkonsertane i mykje mindre lokaler enn tidlegare, Sandane kyrkje og bygdehuset Vonheim. I tillegg vert det som vanleg ein storslått tur innom kultursalen med Håvard Gimse ved flygelet.
Musikarane
Vi har samla framifrå festivalmusikarar som veit vil finne høve til å gneistre for glopparane, og vi garanterer store opplevingar i intime format frå en internasjonal gjeng med tydelege stemmer og sterk formidlingsevne.
Francisco López (fløyte), Maria Włoszczowska (fiolin), Anders Nilsson (fiolin), Aine Suzuki (bratsj), Charles-Antoine Archambault (cello), Kenneth Ryland (bass) og Håvard Gimse (piano) vil saman med våre kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn (bratsj) og Audun Sandvik (cello) servere oss eit saftig program med spenn frå wienervals til kontemporær solobass.
Kammerjazz i Vonheim
På toppen av hovudprogrammet får vi ein heilt spesiell kveld i Vonheim med kammerjazz og viser frå Maridalen og Lars Lillo-Stenberg. Vi gler oss!
