KUNSTNARLEG LEIING

Gloppen Musikkfest er godt forankra i Gloppen og regionen gjennom administrasjon og styre, men for å drive ein festival som vår er vi også avhengige av eit godt kunstnarleg leiarskap. 

Vi er så heldige å ha bratsjist Ida Klokk-Bryhn og cellist Audun Sandvik som våre kunstnarlege leiarar. Saman bidreg dei med eit stort og godt nettverk av gode musikarar og ein strøm av leikne påfunn og innspel – til beste for festivalen.

Ida & AUDUN

Bratsjist Ida Bryhn var med i den første Gloppen musikkfest tilbake i 2003, og har gjesta festivalen med jamnleg sidan det. Vi er svært glade for at ho no vil være med og forme festivalene i åra som kjem. Ida er frå Oslo og fikk si første musikkopplæring ved Barratt Due Musikkinstitutt. Frå hausten 2013 byrja Ida sitt engasjement som professor ved Royal College of Music i London samtidig som ho byrja å undervise på Barratt Due. Ida  er medlem av musikarkollektivet i Det Norske Kammerorkester og gjestar også jamnleg andre orkestre, mellom anna Australian Chamber Orchestra og Amsterdam Sinfonietta som solobratsjist. Ida har vore solobratsjist i Philharmonia Orchestra, og med dei har ho turnert verda rundt og gjesta dei fleste store konsertsalane i Europa og USA. Ho har gjesta ei rekke festivalar i Noreg og i utlandet, m.a. Verbier festival, Ravinia utanfor Chicago, IMS Prussiaia Cove, Risør kammermusikkfestival, Oslo kammermusikkfestival, Ultimafestivalen, Festspela i Bergen, Hardanger og Elverum samt Vinterfestspillene på Røros. Ida har spelt med The Razumovsky ensemble i London, Diamantensembelet i København og London Philharmonic‘s kammermusikkserie i Wigmore Hall. Som solobratsjist har ho også gjesta Stockholmfilharmonien, Oslofilharmonien, London Philharmonic Orchestra, Camerata Nordica og Kringkastingsorkesteret i Oslo.


Ho har halde meisterklassar ved Royal College of Music i London, Acadèmie Musicale de Morges i Sveits, Göteborgs universitet, Hanoi State Academy, sommarkurs på Voksenåsen, Valdres Sommersymfoni og har vore instruktør ved Ungdomssymfonikerne på Elverum sidan 2017. Ida har vore solist med fleire norske orkester, m.a. Oslofilharmonien og KORK. Som Fulbrightstipendiat har Ida studert ved New England Conservatory i Boston med Kim Kashkashian som lærar. Ho har mottatt støtte frå Wilhelmsens stiftelse og Norge-Amerikaforeningen. Ida Bryhn blei tildelt Shellprisen i 2008. Ho spelar på ein bratsj laga av G&F Grancino frå ca. 1665,  utlånt til henne frå Sparebankstiftelsen Dextra Musica.

«Det er nok en hver musikere drøm, å få være med å lage festival. Plutselig ble denne drømmen virkelig for min del, og jeg gleder meg så utrolig mye til å ta fatt på oppgaven, med liv og lyst og inspirasjon,. For en flottere gjeng å arbeide sammen med kan jeg ikke tenke meg.»

Audun Sandvik er veteranen i Gloppen Musikkfest.Han byrja si solistverksemd på Troldhaugen - i heimbyen Bergen - som 16-åring. Audun har vore solocellist i KORK og Det Norske Kammerorkester i ei årrekkje,  og er no fast medlem i DNK sitt musikarkollketiv. Audun er også professor ved Norges arktiske universitet i Tromsø. Tjuagutten Audun er kjent frå ei rekkje solist-framføringar i radio og tv. Audun kombinerer gjerne det uttrykksfulle spelet med ei leiken og forløysande framferd på scena.

“Riktignok er jeg født i Bergen, men etter å ha levd med Gloppen Musikkfest fra starten i 2003, regner jeg nå Sandane som min andre hjemby! Den administrative Gloppen Musikkfest-familien, inkludert alle de frivillige, er en gjeng med høy kompetanse, god kjemi og en stor porsjon entusiasme. Det overordnede felles målet er alltid å legge forholdene til rette for å kunne presentere konserter på et høyest mulig kunstnerisk nivå. 

Et svært viktig og gledesfyllt satsingsområde er også å gi et tilbud til de unge klassiske talentene fra fylket. Som musiker er det viktig lærdom å jobbe bak kulissene, organisere, sette sammen program. Spesielt er det en trivelig oppgave å kunne invitere fantastiske musikere, spille  med dem og presentere dem for «glopparane». 

Jeg brenner for den gode formidling, og det er en glede å kunne håndplukke musikere som har en ekstra evne til å trollbinde publikum. Og FOR et flott og trofast publikum!”

Audun er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Indiana University i USA. Han har hyppige solistoppdrag og har vunne ei rekkje prisar, som den høgthengande «Unges Lindemanpris» i 2013. I fjor spelte han og pianist Sveinung Bjelland inn ein cd med sonatar av Rakhmaninov og nettopp - Sjostakovitsj.

Audun spelar på ein cello som blei bygd i Roma i 1695, av fiolinmakaren Giorgio Tanninger.