feb.
5.
7:30 p.m.19:30

Knut Reiersrud og Geir Sundstøl

Reiersrud og Sundstøl hyllar den britiske poppens stamfar på plate og på scene!!

Knut Reiersrud og Geir Sundstøl slapp albumet Purcell, sannhet, løgn og dårlig hukommelse (Grappa) 25. september 2026.

Sanning:

Knut Reiersrud og Geir Sundstøl har kjent kvarandre i over 35 år. Likevel har dei to strengemeistrane nesten aldri spelt saman. Berre på ei og anna plateinnspeling for andre artistar. Heldigvis finst det folk her i landet som kan telje til to!

Tidlegare Sildajazz-sjef Andreas Meland, mannen bak plateselskapet Hubro, har i fleire år drøymt om å la dei to møtast for firhendig gitarmagi. Det kan hende det kom som ei overrasking på Meland at dei to gitaristane har valt å lage plate basert på verka til den engelske barokkkomponisten Henry Purcell. Servile gitarduoar, framførte med fotskammel og sjakett, blir det likevel ikkje. Her får vi frimodig improvisasjon og avstikkarar til det ville vesten, den indiske mystikken og den svenske synda.

Reiersrud og Sundstøl har begge ei lang historie med å omarbeide musikalske verk. Franz Schubert, John Coltrane, L. V. Beethoven og David Bowie har alle gått gjennom den musikalske kverna til dei to herrane. No er det altså musikken til Henry Purcell som står i fokus. Kvifor treng verda ei plate der «Knut og Geir vrir om på Purcell»? Lat oss svare litt pompøst, slik dei likte det på 1600-talet:

Musikken til Purcell har ein heilt eigen emosjonell djupn. Verka er ofte storslått arrangerte for store orkester. Samstundes har dei ei djupn som mellom anna har skapt nokre av dei sterkaste augneblinkane i filmhistoria. Det er denne djupt menneskelege og varmande kjernen i tonespråket dei to ønskjer å formidle med gitarane sine. Gjennom tolkingane til Reiersrud og Sundstøl er det som om ein kan ane røtene til den universelle kvaliteten i britisk popmusikk. Kombinert med det faktum at begge musikarane tidleg hamna i den afrikanske og amerikanske musikkgryta, ligg alt til rette for uhøyrd og kosmisk strengemagi på scena.

Løgn:

Knut og Geir er to strålande musikarar. Det mange ikkje veit, er at dei òg er ivrige fridykkarar. På ein av dei mange dykketurane sine fann dei, på 12 meters djupn, ei samling steinkaker, eller 78-plater. Samlinga bestod i hovudsak av musikk av Henry Purcell. Knut og Geir tok dette som eit teikn!

Dårleg hugse:

Knut Reiersrud og Geir Sundstøl er fødde i kvar sin ende av sekstitalet. Dei høyrer til den siste generasjonen som lærte seg å spele på eiga hand. For barn var syttiåra den siste stille tida. I tidsrommet mellom skuleslutt og middag skapte ein seg ein fristad. Nokre sparka ball på løkka. Andre spelte kornett i det lokale korpset. Knut og Geir øvde på gitar på guterommet. Musikkundervisning var for familiar med ambisjonar innan klassisk musikk.

For Knut og Geir var det viktigaste å trykkje på gitarhalsen der det lét bra. Ofte i samklang med platespelaren. Begge føretrekte å spele oppover halsen, éi streng om gongen. Det fungerte ofte best saman med folkeleg musikk, slik det gjerne var på platene som snurra på platespelaren. Dette er ein meir tungvint metode enn å la handa fyke opp og ned i same posisjon på gripebrettet. Han skaper meir friksjon. Akkurat som når du stryk fyrstikka langs stripa på ei fyrstikkøskje.

Det er nettopp denne friksjonen, eller varmen, som er med på å gjere ein konsert med Reiersrud og Sundstøl til ei unik oppleving!

Vis arrangement →

Wiener, wiener und eine kleine...
sep.
5.
7:00 p.m.19:00

Wiener, wiener und eine kleine...

Vi set punktum med wienervals, wienerbrød, wienerpølser, salongorkester og Eine Kleine Nachtmusik!

J. Strauss II & J. Strauss: Pizzicato-polka
W.A. Mozart: Fløytekvartett
F. Kreisler: Schön Rosmarin og Liebesleid
F. Schubert: Schwanegesang D957 (for fløyte og strykarar)
V. von Webenau: Strykekvartett nr. 2, 1. sats 

J. Strauss: Rosen aus dem Suden (arr. Schönberg)
J. Strauss: Notturno (arr. Schönberg)
W. A. Mozart: Eine kleine Nachtmusik

Vis arrangement →
Familieforestilling i Gloppen folkebibliotek
sep.
5.
2:00 p.m.14:00

Familieforestilling i Gloppen folkebibliotek

Velkomen til “Klovner i Vilden Sky” - ei spanande forestilling for store og små! Kvintetten Sirkus Opplett framfører klassisk musikk av Prokofiev, og med dryss av morosame overraskingar kan publikum vente seg ei forestilling utanom det vanlege. Vi gler oss til å oppleve klassisk musikk slik vi aldri har opplevd den før! Arrangementet er gratis.

Sirkus Opplett er studievener som møtte kvarandre ved Griegakademiet i Bergen. Dei fortel:
“Vi snublet over stykket til Prokofiev og falt for stykkets lekenhet og variasjoner i stemninger og uttrykk. Prokofiev skrev det opprinnelig til balletten Trapez, med klare undertoner av sirkusverden, og dette inspirerte oss til å bruke dette stykket til en barneforestilling. Etterhvert vokste ideen til en forestilling med et klovnetema frem, og vi bestemte oss for å virkelig blande sirkus og klassisk musikk for å underholde og trollbinde vårt publikum.”

Inga Bialach - fiolin, Julia Palmer - bratsj, Ane Elise Lassen - kontrabass, Adrià Torres Amorós - klarinett og Vilde Linnea Schøyen Lervik - obo.

Sergei Prokofievs Kvintett i G-moll, Op. 39

Vis arrangement →
Frydenbø-konserten - med Distriktsmusikarane
sep.
4.
12:00 p.m.12:00

Frydenbø-konserten - med Distriktsmusikarane

Tradisjonen tru opnar vår hovudsponsor Frydenbø Bil Sandane dørene i utstillingshallen sin for å fylle den med vakker musikk og glade festivalpublikummarar.

Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane står for programmet - og då er vi trygge på at det blir vakkert, variert, morosamt og mektig! Vel møtt.

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Vis arrangement →
Festkveld med Håvard Gimse
sep.
3.
7:00 p.m.19:00

Festkveld med Håvard Gimse

Pianist Håvard Gimse er i sentrum denne festkvelden, omringa av dei glitrande festivalmusikarane våre. Vi held velkomst i foajéen frå 18:30.

F. Chopin: Scherzo nr. 2 i B-moll

J. Haydn: Klavertrio nr. 39 i G-dur
F. Poulenc: Sonate for fløyte og klaver op. 164 

R. Strauss: Capriccio
F. Schubert: Die Forelle

Håvard Gimse - piano, Francisco López - fløyte, Maria Włoszczowska - fiolin, Anders Nilsson - fiolin, Aine Suzuki - bratsj, Charles-Antoine Archambault - cello, Kenneth Ryland - bass, Ida Klokk-Bryhn - bratsj, Audun Sandvik - cello og Startgropa.


Vis arrangement →
Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sunnfjord
sep.
2.
12:00 p.m.12:00

Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sunnfjord

Fløyte og gitar er ein klassisk duo. Sidan Helga og Jacob møttest, har vegane deira gått både saman og kvar for seg. Denne konserten trakkar opp gamle fotspor, tek særeigne sidevegar og hentar fram musikalske skattar. Publikum kan glede seg til ein variert, vakker, humoristisk og lun konsert med musikk frå 1900-talet til notida.

Helga Lied Wyrtz – fløyter
Jacob Kragelund Wyrtz – gitarar


Arrangementet er gratis, men dersom du vil sikre deg bord og servering kan du bestille på solvanematbar.no.

Vis arrangement →
Kvernberg & Bjørdal på Lauget
juni
5.
8:00 p.m.20:00

Kvernberg & Bjørdal på Lauget

Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande. I samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.

Jorun Marie Kvernberg er ein av dei mest markante folkemusikarane i landet, kjend både som felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist. Ho har ei heilt eiga formidlingsevne og eit uttrykk som rommar både det rå, vare og det finurlege. Som komponist har ho markert seg sterkt, mellom anna med Edvardprisen..

Kristina Farstad Bjørdal er ein særs allsidig akkordeonist og trekkspelar, med bakgrunn frå både folkemusikk, improvisasjon, samtidsmusikk og klassisk musikk. Ho har ei sjeldan evne til å finne balansen mellom det kraftfulle og det lyttande, og tilfører samspelet både presisjon, varme og stor musikalsk energi. Bjørdal er òg ein viktig tradisjonsberar innan folkemusikken på trekkspel, og vart i 2021 tildelt Bolstadprisen for arbeidet sitt.

På konserten får publikum møte Jorun Marie Kvernberg sine eigne komposisjonar, mellom anna utdrag frå verket Insomnia, i tillegg til duoen sine eigne arrangement av folkemusikk. Her ligg både sterke forteljingar, drivande rytmikk, vakre melodilinjer og stor speleglede i botnen. Kanskje dukkar det også opp ein tango eller to.

Vis arrangement →
Startgropa 2026 - kammerkonsert i Gunnar Sævigs sal
mars
20.
8:30 p.m.20:30

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Gunnar Sævigs sal

Startgropa er Gloppen Musikkfest sitt årvisse seminar for unge profesjonelle klassiske musikarar. No kan de få høyre dei i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik.
Dei legg ut på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og siste stopp er Griegakademiet.

Startgropa 2026 er:
Una Kristín Sagatun Kristjánsdóttir - song
Adam Suska - fiolin
Simen Matzusaki Haufmann - fiolin
Amalie Marie Thing Helseth - cello
Nikita Khnykin - klaver
Audun Sandvik - cello
Ida Klokk-Bryhn - bratsj

Vis arrangement →
Startgropa 2026 - kammerkonsert i Lærdal kulturhus
mars
20.
1:00 p.m.13:00

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Lærdal kulturhus

Startgropa er Gloppen Musikkfest sitt årvisse seminar for unge profesjonelle klassiske musikarar. No kan de få høyre dei i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik.
Dei legg ut på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og andre stopp er Lærdal!

Startgropa 2026 er:
Una Kristín Sagatun Kristjánsdóttir - song
Adam Suska - fiolin
Simen Matzusaki Haufmann - fiolin
Amalie Marie Thing Helseth - cello
Nikita Khnykin - klaver
Audun Sandvik - cello
Ida Klokk-Bryhn - bratsj

Vis arrangement →
Startgropa 2026 - kammerkonsert i Sandane kyrkje
mars
19.
5:00 p.m.17:00

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Sandane kyrkje

Startgropa er Gloppen Musikkfest sitt årvisse seminar for unge profesjonelle klassiske musikarar. No kan de få høyre dei i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik.
Dei legg ut på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og første stopp er Sandane kyrkje.

Startgropa 2026 er:
Una Kristín Sagatun Kristjánsdóttir - song
Adam Suska - fiolin
Simen Matzusaki Haufmann - fiolin
Amalie Marie Thing Helseth - cello
Nikita Khnykin - klaver
Audun Sandvik - cello
Ida Klokk-Bryhn - bratsj

Vis arrangement →
Bergen pianotrio
feb.
7.
6:00 p.m.18:00

Bergen pianotrio

Bergen pianotrio - Tårefragmenter

Gloppen Musikkfest inviterer til ein unik konsert, der grensene mellom folkemusikk og klassisk musikk utforskast og utfordrast. Konserten byr på ei fremføring av det heilt nye verket «Tårefragmenter» for den spesielle besetninga hardingfele, cello og klaver av den vestlandske komponisten Therese Birkelund Ulvo. Verket vert utframført dagen før i Bergen! I tillegg får vi høyre klassiske verk for pianotrio av Frank Martin og Dmitri Shostakovich, som også har latt seg inspirere av folkemusikkens verd.

Bergen pianotrio vart starta hausten 2021 av Edel Bolstad (pianist fra Bergen), Sunniva Monstad (fiolinist fra Bergen) og Åshild Brunvoll (cellist fra Voss). De siste åra har trioen fordjupa seg i musikk av mellom Brahms, Grieg, Andrée, Shostakovich, Garrop og Sæverud. Dei tre er per i dag frilansarar med base i Oslo, men har sitt hovedverke som trio i Bergen og omegn. Det unge ensemblet har eit særskildt fokus på levande formidling og historiefortelling.

Musikarane har alle vore deltakarar på Gloppen Musikkfest sitt seminar for unge profesjonelle kammermusikarar - Startgropa!

Vis arrangement →
Familiekonsert
sep.
6.
2:00 p.m.14:00

Familiekonsert

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn. I år har vi også med DM-gruppa i Voss! Gruppene skal halde lunsjkonsertar. samt delta på hovudkonserten fredag.

Gruppa frå Voss har også det gledelege ansvaret for familiekonserten i biblioteket! Vi gler oss :)

Vis arrangement →
Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane
sep.
4.
12:00 p.m.12:00

Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn. I år har vi også med DM-gruppa i Voss! Gruppene skal halde lunsjkonsertar og familieforestilling, samt delta på hovudkonserten fredag.

Vis arrangement →
ULD
sep.
3.
7:00 p.m.19:00

ULD

Fjorårets store snakkis i musikk-Noreg tek med seg dei mjuke tonane til oss.

Mot slutten av 2024 var det ULD i alle kanalar. Med vakre og varsame harmoniar, sterke norske tekstar og uortodoks besetning gjekk det varmt både på Tiktok og i rikspressa. I eit spenn mellom viser, folketonar og kammerpop har trioen funne vegen fram til eit stort publikum og trippel-nominasjon til Spellemannprisen. Dei spelar onsdag kveld i Trivselshagen. ULD er Une Lorentze Onarheim på vokal, Lucia Andreadatter Utnem på piano og Dagny Braanen Lindgren på trekkspel.

Elevar frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule er support

Billettar til ULD

Vis arrangement →
Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane
sep.
3.
12:00 p.m.12:00

Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn. I år har vi også med DM-gruppa i Voss! Gruppene skal halde lunsjkonsertar og familieforestilling, samt delta på hovudkonserten fredag.

Denne konserten er ved representantar frå Sunnfjord: Britt Pernille Frøholm (hardingfele) og Ole Nilsen (trekkspel)!

Vis arrangement →
Tine Thing Helseth & Gunnar Flagstad
sep.
2.
7:00 p.m.19:00

Tine Thing Helseth & Gunnar Flagstad

Ein trompetist i verdsklasse bles i gong festivalveka ved flygelet i kultursalen.

Musikkfesten er veldig glade for at trompetisten Tine Thing Helseth kjem tilbake til Gloppen for å halde konsert i Trivselshagen - saman med superpianist Gunnar Flagstad. Tine har gjennom ei allereie lang internasjonal karriere spelt verda over. Ho har vunne titals prisar og utmerkingar, og har ei rekke plateinnspelingar bak seg. Ho behersker eit breitt repertoar, frå det klassiske til samtidsmusikken og jazzen.

Billettar


Vis arrangement →