Gloppen Musikkfest 2021
6. - 12. september
Endeleg - vi kan sjå fram i mot å ønskje Det Norske Kammerorkester (DNK) velkomen til Gloppen! Som kjend skulle dei ha vore på festivalen i september 2020. Det gjekk jo ikkje, men no har vi trua på at Gloppen Musikkfest 2021 kan verte den storslåtte hendinga vi alle lengtar etter!
Kammerorkesteret kjem med 22 strykarar i tillegg til solistar. Dei skal stå for våre fire hovudkonsertar i Gloppen, men det blir ei rekkje andre arrangement i Gloppen og heile regionen i festivaldagane også.
Litt om programmet:
På opningskonserten vert det urfamføring av bestillingsverket jølstringen og folkemusikaren Erlend Apneseth har skrive for seg sjølv og DNK - i tillegg til store klassiske verk.
Distriktsmusikargruppene i Sogn, Sunnfjord og Gloppen kjem - og i 2021 skal dei ha fleire små føremiddagskonsertar i sentrum, i tillegg til den store felleskonserten i glashallen hos Frydenbø bilsenter.
I kyrkja blir det Vivaldi fredag kveld og matiné søndag, og laurdagskvelden inviterar vi til festkonsert i Trivselshagen.
Elles kan vi nemne satelittkonsertar fleire stader i regionen, kontorkonsertar og Musikarane kjem!
All aktivitet vert planlagt med tanke på å kunne gjennomføre innanfor råmene av godt smittevern og aktuelle restriksjonar.
Gloppen Musikkfest er regionen Sogn og Fjordane sin festival for klassisk kammermusikk. Den starta i 2003, og har etter kvart etablert seg som eit fast innslag i fylkets mangfaldige kulturliv. Vi samarbeider tett med dei lokale og regionale fagmiljøa i kulturfeltet – som Distriktsmusikargruppene i Sogn, Sunnfjord og Gloppen, fylkeskommunen si kulturavdeling, kulturskular, folkebibliotek, Firda vidaregåande skule med regiondekkande musikk-dans-dramliner - og andre.
Gloppen Musikkfest har ein generell kunstnarleg og kulturpolitisk ambisjon om å gjere vårt til at publikum i Sogn og Fjordane får høyre og oppleve klassisk musikk og klassiske musikarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå – på lik linje med publikum i dei store byane. Når vi i 2021 får besøk av DNK – noko av det beste Noreg har å by på innan orkester og kammermusikk,- meiner vi det er ei storhending i fylkessamanheng. DNK har vore her berre ein gong før – med ein konsert i fylket i mars 2009. No jobber vi i Gloppen Musikkfest for at dei får presentere seg både som orkester og som dei fantastiske kammermusikarane dei er både i Gloppen og i andre delar av vårt geografiske nedslagsfelt - gamle Sogn og Fjordane.
Vil du jobbe som frivillig under årets festival? Då kan du sende inn eit kort registreringsskjema her!
Tilbakeblikk Festivalen 2020, Trass alt!
I rein glede, og trass koronaens herjingar med oss alle, vart det Musikkfest i Gloppen 3.-6. september 2020!
Årets festival gjekk tilbake til kjernen i kammermusikken, og med eit ekstra blikk mot 250-årsjubilanten Ludwig van Beethoven vart temaet: Til Gleda!
Våre musikalske leiarar fekk gjennom sitt gode nettverk tak i ein bukett av sju fantastiske musikarar - frå øverste hylle - ! Desse var:
ADRIAN ANGELICO - mezzosopran
TINE THING HELSETH - trompet
NILS ANDERS MORTENSEN - klaver
GURO KLEVEN HAGEN - fiolin
PER KRISTIAN SKALSTAD - fiolin/bratsj
IDA BRYHN - bratsj
AUDUN SANDVIK - cello
Det blei fire hovudkonsertar frå torsdag 3. til søndag 6.september, og de sju utøvarane fekk utfalde seg på alle konsertane! I tillegg vart det arrangement med musikklineelevane ved Firda Vgs og ikke minst ein flott lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Gloppen.
Programma vart nøye tilpassa dei retningslinene for arrangement som no gjeld, med det taket på antall publikum det førte med seg. Konsertane vart i Kultursalen i Trivselshagen og i Vereide Kyrkje, og blei opplevingar som publikum verkeleg satte pris på. Konsertane innehelt noko av det mest sprudlande og vakre kammermusikken har å by på - med nokre av dei beste musikarane Noreg har for tida.