Tilbake til alle arrangementer

Når eg drøymer

  • Stiftinga Gloppen Musikkfest Sandane Norway (kart)

Gloppen Musikkfest har gleda av å presentere to ensemble med ulik tilnærming til musikken, men med ein felles draum om å nå ut til eit stort publikum med noko vakkert, noko overraskande, med ein historie - forma i musikk.

Ole Bull Kammerkor er eit klassisk kammerkor heimehøyrande i Bergen. Koret ynskjer å framføre klassisk musikk på eit høgt nivå, med eit repertoar som har stor breidde med alt frå renessanse til urframføringar og folketonar. Ole Bull Kammerkor vitjar Sogn og Fjordane som ein del av sin Vestlandsturné. Denne kan de lese meir om under.

Om Borealis Ung Komponist:
Fire unge musikkskaparar med ulike historier og metoder tok frå høsten 2022 til mars 2023 del i musikkfestivalen Borealis sitt mentorprogram for komponistspirer i alle aldre. I løpet av åtte måneder, og med kyndig veiledning frå dyktige mentorar skapte Luke Drozd, Eline Rafteseth, Guoste Tamulynaite og Susanne Xin nye verk for den bergensbaserte trioen YrrY med cellist Carmen Bovéda. Mentorprogrammet Borealis Ung Komponist har eksistert sidan 2016, og er ein av musikkfestivalen Borealis sine viktigaste satsningar gjennom året. Kvart år velger festivalen ut fire spirande musikkskaparar og koplar dei med internasjonalt anerkjente komponistar og kunstnarar for å inspirere nyskapning innan det eksperimentelle musikkfeltet. Mentorane i 22/23 var: Camille Norment, Lo Kristenson og Øyvind Torvund. Verka hadde premiere på Borealis 2023, og konserten med Ole Bull Kammerkor på Gloppen Musikkfest markerer starten på Vestlandsturnéen til prosjektet.
YrrY kombinerer to av dei eldste måtane å lage musikk på – stemma og perkusjon – på nye og overraskande måtar. Den bergensbaserte trioen utforskar akustikk, elektronikk og fysiske muligheiter i improvisert og nyskreven musikk.

Billettar på TicketCo
Vaksne: Kr 300,-
Student/skuleungdom: Kr 100,-
Kulturskuleelevar: Gratis

Det vert pause med enkel servering.
-----------

Om Vestlandsturneen til Ole Bull Kammerkor:
Ole Bull Kammerkor fekk ideen til ein turné i Vestland etter fylkessammenslåinga. Repertoaret består av tradisjonelle folketonar som møter ny musikk for å knytte kulturelle band i det nye Vestland fylke på tvers av dei tidligare fylkesgrensene. Koret søker alltid å halde konsertar både i og utanfor Bergen, og reiser no lenger enn nokon gong i storfylket vårt. Vi ynskjer å nå ut både med vårt eige konsertrepertoar, samtidig som vi held fleire av konsertane saman med andre kor og utøvarar. I tillegg har vi lagt opp til fleire workshops med andre kor for å dele av våre erfaringar, møte andre songarar og få nye opplevingar som vi deler med publikum.

Eg ska´danse te´ fjødde dette - som er tittelen på turnéen, er henta frå Bestelanden, ein tradisjonell folketone i nytt arrangement av komponisten Ørjan Matre.

Vi gler oss til å halde konsert saman med Gloppen Musikkfest og Borealis Ung Komponist!

Ole Bull Kammerkor sin Vestlandsturné:

02. mai kl 19:00 Manger folkehøgskule med elevar frå skulen (internkonsert)
09. mai kl 19:00 Torvsalen, Gamle Bergen, billettsal på TicketCo
23. mai kl 19:00 Vangskyrkja, Voss, billettsal på TicketCo
30. mai kl 18:00 Røde kors sykehjem, Bergen (internkonsert)
08. mai kl 18:00 Førdehuset med Førde Kammerkor - billettsal på fordehuset.no
09. juni kl 18:00 bdhuset på Breim i samarbeid med Gloppen Musikkfest
10. juni kl 14:00 Workshop for songarar på Melkevoll Bretun
10. juni kl 17:00 Blåfjellshallen på Melkevoll Bretun, Stryn, billettsal på TicketCo
10. juni kl 19:00 Blåfjellshallen på Melkevoll Bretun, Stryn, billettsal på TicketCo
11. juni kl 15:00 Hoven Restaurant 1011 m.o.h., Loen, Stryn, gratis for alle som gjestar Hoven

Tidligere arrangement: 17. mars
STARTGROPA - Bergen: Griegakademiet