Tilbake til alle arrangementer

Startgropa - seminar og konsert-turné NB: Nye datoar!


  • Stiftinga Gloppen Musikkfest Sandane Norway (kart)
2021_startgropa_facebook_event_2.jpg

SEMINAR og ein liten konsertturné, for unge musikarar frå eller som bur i VESTLAND

Konsertane blir:

Deltakarar:

  • Nora Oleanne Sårheim, sopran

  • Edel Bolstad, klaver

  • Frida Andreassen Lereng, fløyte

  • Inga Beate Bøe, klarinett

  • Ormar Maidre Aarvik, fiolin

  • Åshild Brunvoll, cello

    Med IDA BRYHN (bratsj) og AUDUN SANDVIK ( cello) som instruktørar og medspelarar

Dei siste åra har Gloppen Musikkfest hatt fokus på og dratt i gong aktivitet retta mot UNGE KLASSIKARAR – unge frå fylket som er i gong med høgare utdanning innen klassisk musikk eller er i startgropa for en karriere som utøvande musikarar.  

Pandemien vi står i har ramma kulturlivet hardt, og vi ser at det har ramma dei unge som akkurat er ferdige med utdanninga si, men ikkje har kommet ordentlig i gong med å utøve yrket særleg hardt. Dei er i startgropa – klare til å ta spranget ut i eit liv som profesjonelle utøvarar, men utan nokon stad å gå vidare, få spelt, helde spelinga ved like, få synt seg fram, få møtt andre musikarar, få utvikle seg, få utøve faget sitt. Ein blir ikkje en god musikar ved å være aleine på eit øverom over lengre tid. Ein må møte andre å spele saman med, og ein må møte eit publikum. Vi har sett på korleis vi kan gjere noko for å yte vår skjerv til at feltet overlever og at i hvert fall nokre av de unge får vere i aktivitet.

DERFOR - inviterar vi til seminar og ein liten konsertturné!

Seminaret vil ha fokus på samspel og innøving av repertoar for påfylgjande konsertar. Våre to kunstnarlege leiarar er Audun Sandvik og Ida Bryhn er instruktørar og vil også supplere i ulike ensemble. De vil på denne måten få både instruksjon og tilbakemelding frå nokre av Noregs beste kammermusikarar og høve til å spele med dei.