GLOPPEN MUSIKKFEST

Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og eit treff mellom gode musikarvener. I 2008 vart Stiftinga Gloppen Musikkfest etablert. I 2013 - på den ellevte festivalen - feira vi ti-årsjubileum. Med festivalane i 2014 og 2015 og anna aktivitet gjennom året er vi godt i gang med dei neste ti åra.

Gjennom åra har GMF som organisasjon endra seg mykje – men kjernen er den same: Musikkfesten har som mål å skape eit aktivt kunst- og kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå - ikkje berre i Gloppen, men i heile fylket. Den kunstnarlege visjonen har vore nedfelt i vedtektene våre sidan oppstart i 2003. Frå 2013 har GMF gjort grep og fått viktig støtte frå mellom anna fylkeskommunen, i arbeidet med å verta ein klassisk musikkfestival for heile fylket.

Dei siste åra har vi og lagt vekt på å skipe til konsertar og anna gjennom året, m.a. med satsinga på unge klassiske utøvarar frå fylket.

 

FOR FRIVILLIGE

Mykje av festivalorganiseringa og alt praktisk foregår på dugnad,- så vi treng mange frivillige, og vi treng mange slags frivillige.

Nokon kan bake ein kake eller ein pose rundstykker. Nokon kan køyre til eller frå flyplass og overnattingsplassar. Nokre er publikumsvertskap på konsertane og nokre står i bar. Nokon har eit rom eller ein hybel der det er plass til ein eller fleire musikarar. Har du mogelegheit til å vere med på noko av dette i år? 

Send ein epost til dagleg leiar: post@gloppenmusikkfest.no -  TAKK!

PS - og alle frivillege får billettar til kyrkjekonserten sundag

 

GLOPPEN MUSIKKFEST SI VENNEFORENING

Gloppen musikkfest treng eit støtteapparat, derfor har gode festivalvenner starta venneforeining. Dugnad er viktig for arbeidet vårt, og gjennom venneforeininga håper vi å få med fleire som kan vere med å bidra på ein eller anna måte og ta eit tak under festivalen: Du kan også vere med i venneforeininga utan å forplikte deg til å yte noko praktisk hjelp. Kontingent i venneforeininga er ei viktig støtte, mellom anna med tanke på arrangement utanom sjølve festivalen.

Som medlem i venneforeininga får du informasjon om planar og program, billettar til reduserte prisar og særskild invitasjon til dei arrangementa musikkfesten skipar til utanom sjølve festivalen. 

Ynskjer du meir informasjon om venneforeninga? Send ein epost til dagleg leiar: post@gloppenmusikkfest.no

Ta gjerne kontakt!

 

BILETE