Gloppen Musikkfest 2021

6. - 12. september


Endeleg - vi kan sjå fram i mot å ønskje Det Norske Kammerorkester (DNK) velkomen til Gloppen!  Som kjend skulle dei ha vore på festivalen i september 2020. Det gjekk jo ikkje, men no har vi trua på at Gloppen Musikkfest 2021 kan verte den storslåtte hendinga vi alle lengtar etter! 

Kammerorkesteret kjem med  22 strykarar i tillegg til solistar. Dei skal stå for våre fire hovudkonsertar i Gloppen, men det blir ei rekkje andre arrangement i Gloppen og heile regionen i festivaldagane også. 

Litt om programmet:

  • På opningskonserten vert det urfamføring av bestillingsverket jølstringen og folkemusikaren Erlend Apneseth har skrive for seg sjølv og DNK - i tillegg til store klassiske verk.

  • Distriktsmusikargruppene i Sogn, Sunnfjord og Gloppen kjem - og i 2021 skal dei ha fleire små føremiddagskonsertar i sentrum, i tillegg til den store felleskonserten i glashallen hos Frydenbø bilsenter.

  • I kyrkja blir det Vivaldi fredag kveld og matiné søndag, og laurdagskvelden inviterar vi til festkonsert i Trivselshagen.

  • Elles kan vi nemne satelittkonsertar fleire stader i regionen, kontorkonsertar og Musikarane kjem!

All aktivitet vert planlagt med tanke på å kunne gjennomføre innanfor råmene av godt smittevern og aktuelle restriksjonar og vi gjer det vi kan for at konsertopplevingane skal vere trygge for alle under festivalen. Det vil seie:

Det er avgrensa tal billettar på alle arrangement, slik at meteren skal vere lett å halde

I Kultursalen og i Vereide kyrkje er det opp imot 200 plassar. På dei mindre arenaene er det 40-50 som får plass.

På alle arrangement er det publikumsvertar som syner deg kor du kan sitje, og ser til at det er ein meter mellom kohortane

Publikumsvertane organiserer både innslepp og utslepp frå konsertane.

På dei arrangementa der det er alkoholsal er det bordservering

Av omsyn til smittevernet er det også slik at musikarane og publikum får kvar sine “soner”. Kjedeleg, men naudsynt!

Og så tek vi det som sjølvsagt at dei som er sjuke ikkje kjem på konsert.

Gloppen Musikkfest er regionen Sogn og Fjordane sin festival for klassisk kammermusikk. Den starta i 2003, og har etter kvart etablert seg som eit fast innslag i fylkets mangfaldige kulturliv. Vi samarbeider tett med dei lokale og regionale fagmiljøa i kulturfeltet –  som Distriktsmusikargruppene i Sogn, Sunnfjord og Gloppen, fylkeskommunen si kulturavdeling, kulturskular, folkebibliotek, Firda vidaregåande skule med regiondekkande musikk-dans-dramliner - og andre. 


Gloppen Musikkfest har ein generell kunstnarleg og kulturpolitisk ambisjon om å gjere vårt til at publikum i Sogn og Fjordane får høyre og oppleve klassisk musikk og klassiske musikarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå – på lik linje med publikum i dei store byane. Når vi i 2021 får besøk av DNK – noko av det beste Noreg har å by på innan orkester og kammermusikk,- meiner vi det er ei storhending i fylkessamanheng. DNK har vore her berre ein gong før – med ein konsert i fylket i mars 2009. No jobber vi i Gloppen Musikkfest for at dei får presentere seg både som orkester og som dei fantastiske kammermusikarane dei er både i Gloppen og i andre delar av vårt geografiske nedslagsfelt - gamle Sogn og Fjordane.


Vil du jobbe som frivillig under årets festival? Då kan du sende inn eit kort registreringsskjema her!

Tilbakeblikk Festivalen 2020, Trass alt!

I rein glede, og trass koronaens herjingar med oss alle, vart det Musikkfest i Gloppen 3.-6. september 2020!

Årets festival gjekk tilbake til kjernen i kammermusikken, og med eit ekstra blikk  mot 250-årsjubilanten Ludwig van Beethoven vart temaet: Til Gleda!

Våre musikalske leiarar fekk gjennom sitt gode nettverk tak i ein bukett av sju fantastiske musikarar - frå øverste hylle - ! Desse var:

ADRIAN ANGELICO - mezzosopran
TINE THING HELSETH - trompet
NILS ANDERS MORTENSEN - klaver
GURO KLEVEN HAGEN - fiolin
PER KRISTIAN SKALSTAD - fiolin/bratsj
IDA BRYHN - bratsj
AUDUN SANDVIK - cello

Det blei fire hovudkonsertar frå torsdag 3. til søndag 6.september, og de sju utøvarane fekk utfalde seg på alle konsertane! I tillegg vart det arrangement med musikklineelevane ved Firda Vgs og ikke minst ein flott lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Gloppen.

Programma vart nøye tilpassa dei retningslinene for arrangement som no gjeld, med det taket på antall publikum det førte med seg. Konsertane vart i Kultursalen i Trivselshagen og i Vereide Kyrkje, og blei opplevingar som publikum verkeleg satte pris på. Konsertane innehelt noko av det mest sprudlande og vakre kammermusikken har å by på - med nokre av dei beste musikarane Noreg har for tida.

MS_Gloppen-07944-Edit.jpg