Tilbake til alle arrangementer

Nær - kyrkjekonsert

  • Stiftinga Gloppen Musikkfest Sandane Norway (kart)

Ein nær konsert i vakre Vereide kyrkje.

Medverkande:
Nordic voices
Sveinung Bjelland, piano
Liv Hilde Klokk-Bryhn, fiolin
Tuva Odland, fiolin
Per Kristian Skalstad, fiolin og direksjon
Ida Klokk-Bryhn, bratsj
Aine Suzuki, bratsj
Audun Sandvik, cello
Frida F. Waaler Wærvågen, cello
Zoran Markovic, kontrabass
Embrik Snerte, fagott
Björn Nyman, klarinett
Inga Beate Bøe, klarinett
Per Håkon Oftedal, trompet

PROGRAM:

Messiaen:  solo klarinett fra “Kvartett til tidenes ende” 
Strauss: Metamorphosen
Gerrero: Hei Mihi Domine
Trad.: Sov, sov liten gut - arr. Havrøy
Thoresen: Du Cábbodaga
Habbestad: Eolsharpa


Programomtale av Arne Søholt:
Olivier Messiaen

Abîme des oiseaux (Fuglane sin avgrunn) frå Quatuor pour la fin du temps  (Kvartett til tidas ende)

 

Eit av 1900-talets mest sentrale kammermusikkverk blei skapt i ein tysk fangeleir i 1941. Musikar og forfattar Alex Ross seier om denne musikken at det er «den mest overjordisk vakre musikken frå det 20. århundre».

Den franske komponisten Olivier Messiaen (1908−1992) hadde allereie utvikla eit svært eigenarta tonespråk då den andre verdskrigen braut ut. I juni 1940 blei han tatt til fange av tyskarane og sendt til ein fangeleir i Görlitz. Der møtte han fleire musikarar blant fangane, og frå ein av vaktene fikk han papir og blyant til å komponere. Messiaen henta inspirasjon til Kvartett til tidas ende frå Johannes' openberring, der den femte engelen viser seg og kunngjer tidas slutt. Urframføringa fann stad 15. januar 1941, med Messiaen ved pianoet og framfor eit publikum på om lag 400 fangar og vakter. «Aldri har eg blitt lytta til med slik sterkt gripen merksemd og forståing,» sa Messiaen om denne opplevinga.

For Messiaen var fuglesongen den mest perfekte forma for musikk på jorda, og uløyseleg knytt til det religiøse og det evige. «Mellom klokka tre og fire om morgonen: fuglane vaknar: ein svarttrost eller nattergal improviserer, omgitt av ein flimrande klang, ein glorie av triller som blir borte høgt oppe i trea. Omsett dette til det religiøse planet og du har den harmoniske stilla i himmelen».
Heilt tydeleg blir dette i den særmerkte og ekstremt langsame satsen for solo klarinett, Fuglane sin avgrunn: «Avgrunnen er Tida, med sine sorger og trøyttleik. Fuglane er det motsette av Tida: dei er vår lengsel etter lys, etter stjerner, etter regnbogar og frydefulle songar».

 

Richard Strauss:

Metamorphosen.

«Nedbrenninga av Hoftheater i München, staden der Tristan og Meistersinger blei urframført, og der eg for 73 år sidan høyrde Freischütz for første gong, der min far sat i 49 år som førstehorninst i orkesteret, der eg mot slutten av livet opplevde at mine største draumar blei oppfylt med ti Strauss-produksjonar – dette var den største katastrofen eg har opplevd i mitt liv, og for dette finst det inga trøyst og, i min alder, inga von …» (Richard Strauss).

Richard Strauss (1864 - 1949) var ein eldre mann då han skreiv Metamorphosen mot slutten av den andre verdskrigen i 1945. Sjølv om Strauss sitt tilhøve til styresmaktene i Nazi-Tyskland på 1930- og 1940-talet har vore omdiskutert og kritisert, er det ingen tvil om at krigens vondskap gjekk sterkt inn på han, og det ser ut til at bombinga av teaterhuset i München i 1943 var det som sette i gang ein av hans aller siste kreative prosessar. Metamorphosen er eit unikt og særs gripande verk, som viser seg ikkje berre å vere til minne om eit nedbrend teaterhus, men ein heil kulturarvs rykte som var blitt bomba sunder og saman i ein meiningslaus og forferdeleg krig. Det blir særleg tydeleg når Strauss siterer sørgemarsjen frå Beethovens Symfoni nr. 3 - Eroica med innskrifta «IN MEMORIAM» i notematerialet.

Uttrykket er, naturleg nok, prega av sorg og resignasjon, men det finst og glimt av håp i eit av den gamle komponisten aller siste meisterverk.

 

Francesco Guerrero: Hei mihi, Domine

Francisco Guerrero (1528 - 1599) blir rekna som ein av Spanias aller mest betydningsfulle komponistar frå renessansen. Han begynte som korgut i Sevilla, og berre 17 år gammal blei han utnemnd til maestro di capilla i katedralen i Jaén. Frå 1551 var han knytt til katedralen i Sevilla, og frå 1574 som kapellmeister.

Guerro skreiv 18 messer og om lag 150 stykke til bruk i liturgien, deriblant motettar, salmemelodiar, vesperar og andre kyrkjemusikalske og verdslege songar.

Musikken hans har stor emosjonell spemmvidde, frå ekstase, fortviling, lengt, glede og andakt.

Hei mihi, Domine (Herre, ver meg nådig) er ein 6-stemmig motett som Guerrero skreiv i 1582.

 

Norsk folketone, arr.: Frank Havrøy: Sov, sov, liten gut

Frank Havrøy, f. 1969, er songar og komponist, busett i Oslo.

Som komponist arbeider Frank innafor mange ulike sjangrar, og særleg korverka hans har oppnådd stor utbreiing, og fleire av desse er tatt inn på standardrepertoaret til dei beste kora i landet.

Frank avslutta i 2015 sitt doktorgradsarbeid om ensemblesang og mottok graden PhD. Han arbeider m.a. som fagsesksjonsleiar for vokal, dirigering og kyrkjemusikk ved Norges musikkhøgskule.

Havrøy har vore fast medlem av vokalensemblet Nordic Voices sidan 1997. Dei har turnert verda rundt og gitt ut mange plater. Nordic Voices blir rekna som eit av dei fremste vokalensembla i verda, og deira konsertprosjekt, særleg innafor felta samtidsmusikk og tidlegmusikk, har oppnådd stor merksemd dei siste åra.

 

Iŋgor Ántte Áilu Gaup/Lasse Thoresen: Du čábbodaga (Din venleik)

Iŋgor Ántte Áilu Gaup (f. 1960) er ein samisk artist, skodespelar, komponist, diktar, fløytist og joikar.

Han starta karrieren på 70-talet som medlem av rockegruppa Ivnniiguin. Seinare har Gaup samarbeidd med kjende musikarar som Jan Garbarek, Nils-Aslak Valkeapää, Gabriel Fliflet og Knut Reiersrud. Som filmskodespelar vil han nok vere mest kjend for si rolle i Nils Gaups filmklassikar Veiviseren.

Komponisten Lasse Thoresen (f. 1949) er ein av våre aller fremste komponistar, særleg innan samtidsmusikk, og verklista hans omfattar både orkesterverk, kammermusikk og solokomposisjonar. Musikken hans har mange påverknadskjelder: sonologi, elektrofoni, Bahá'i-religionen, fransk spektralmusikk, folkemusikk og mikrotonalitet.

Thoresen har undervist ved Norges musikksøgskole sidan 1975, og blei fast tilsett som professor frå 1988.

Korverket Du čábbodaga (Din venleik), som blei urframført på Oslo Kammermusikkfestival 12. august i år, blir omtalt som polyfon joik – ein slags fleirstemt joik der kvar stemme har ein sjølvstendig verdi.

 

Kjell Habbestad:

Mi sjel er ei eolsharpe

Ei eolsharpe er eit gamalt strengeinstrument, meint å stå ute i naturen. Lyden blir framkalla ved at vinden bles gjennom harpa. Kjell Habbestad har skrive ein kantate der Jakob Sandes tekster går som en raud tråd gjennom det heile.
Jakob Sande er vel for mange «vise-diktaren», han som skreiv morosame, til dels makabre og burleske stubbar og vers. Ikkje så rart kanskje, når ein tenkjer på det diktutvalet publikum har møtt gjennom radio og revyar.  Men ein skal ikkje ha lese særleg mykje av Jakob Sande før ein langt meir alvorleg lyrikar står fram. Sande-boigrafen Ove Eide skriv at det gjennom heile forfattarskapen går ein mørk straum som krinsar om einsemd, angst, fortaping, død, utfriing, frelse.
– Det meste av det eg har skrive er alvorlege ting, sa Jokob Sande mot slutten av livet.

I dette verket, skrive for strykeorkester, vokalensemble og harpe, er det dei nære, personlige og religiøse tekstane musikken spinn ut frå.

Mi sjel er ei eolsharpe – Ein Jakob Sande-kantate,  blei til som bestillingsverk for Gloppen Musikkfest i 2012, og blei urframført i Vereide kyrkje 1. september. Verket er seinare blitt framført m.a. på Glogerfestspillen i Kongsberg, og i Fredrikstad, Drammen og Oslo med Telemark Kammerorkester og vokalsekstetten Nordic Voices.

Tidligere arrangement: 8. september
Lunsjkonsert IV - Frydenbø bilsenter, Kleivedammen
Senere arrangement: 9. september
Landsbykonsert - Vaskehallen, Firda Billag