Bergen pianotrio

Bergen pianotrio - Tårefragmenter
laurdag 7. februar 2026 kl. 18:00 i Sandane kyrkje

Gloppen Musikkfest inviterer til ein unik konsert, der grensene mellom folkemusikk og klassisk musikk utforskast og utfordrast. Konserten byr på ei fremføring av det heilt nye verket «Tårefragmenter» for den spesielle besetninga hardingfele, cello og klaver av den vestlandske komponisten Therese Birkelund Ulvo. Verket vert utframført dagen før i Bergen! I tillegg får vi høyre klassiske verk for pianotrio av Frank Martin og Dmitri Shostakovich, som også har latt seg inspirere av folkemusikkens verd.

Bergen pianotrio vart starta hausten 2021 av Edel Bolstad (pianist fra Bergen), Sunniva Monstad (fiolinist fra Bergen) og Åshild Brunvoll (cellist fra Voss). De siste åra har trioen fordjupa seg i musikk av mellom Brahms, Grieg, Andrée, Shostakovich, Garrop og Sæverud. Dei tre er per i dag frilansarar med base i Oslo, men har sitt hovedverke som trio i Bergen og omegn. Det unge ensemblet har eit særskildt fokus på levande formidling og historiefortelling.

Musikarane har alle vore deltakarar på Gloppen Musikkfest sitt seminar for unge profesjonelle kammermusikarar - Startgropa!

 

Takk Hanne!

Tidlegare i desember samla vi styre, administrasjon, kunstnarleg leiing og gamle vener for å takke av Hanne Bergljot Oftedal som styreleiar i Gloppen Musikkfest.

Alt før sommaren tok Per Idar Almås til som ny styreleiar.

Det er 20 år sidan Hanne tok kontakt med Are Frode Søholt og spurde om å få være med å lage festival. Han hadde starta Gloppen Musikkfest nokre få år før, og Hanne var begeistra! Sidan den gong har ho lagt ned eit enormt arbeid for å skape unike opplevingar av høg kunstnarleg kvalitet i Gloppen og omegn, samstundes som ho heile tida har tenkt større og breiare med omsyn til å styrke lokalt fagmiljø, løfte fram dei unge - og å rett og slett bygge samfunn og fellesskap! Ho var dagleg leiar i fleire år før ho vart styreleiar. Vi er uendeleg takksame for det Hanne har vore for GMF, publikum og musikarar. No vil vi nok ikkje vente for lenge før vi freistar å rekruttere henne som frivilleg!

Vår nye styreleiar Per Idar Almås har tidlegare vore dagleg leiar i Gloppen Musikkfest, og har dei siste to åra vore styremedlem. Han har og erfaring frå mellom anna Festspillene i Bergen og Førdefestivalen. Han jobbar i dag i Vestland fylkeskommune og bur på Sandane. Når han har fri driv han barnefestivalen Ein ørliten ein.

Det vert anleis for oss utan Hanne i kvardagen, men avtrykket etter ho forsvinn ikkje på noko vis. Dessutan må vi nok ringe og spørre innimellom nokre år framover lell.

Ung profesjonell utøvar? Søk startgropa 2026 no!
kjøp Billett til klassisk jul

Meld deg på nyhetsbrevet vårt!

* indicates required

Intuit Mailchimp