Tilbake til alle arrangementer

Nytt på nytt - Nyttårskonsert

  • Stiftinga Gloppen Musikkfest Sandane Norway (kart)

Med nytt år, unge lokale musikarar og ny musikk inviterer kantor Dorothee Raschwitz og Gloppen Musikkfest for andre år på rad til nyttårskonsert - i Vereide kyrkje søndag 1. januar 2023 kl. 16:00. Og då har det vel vorte ein tradisjon?

Du kan vente deg ein variert konsert med musikk frå fleire moderne (og levande!) komponistar - mellom anna frå franskmannen Emmanuel Séjourné og danske Per Nørgård - samstundes som du vil få meir kjende tonar.

Her vert det noko for dei fleste øyrer.

Arild Bjørkelo - slagverk
Elias Osland - slagverk
Dorothee Raschwitz - orgel

Billett vaksen: 200,-
Born/skuleungdom: gratis

Tidligere arrangement: 17. desember
Klassisk jul - Julekonsert i Ljosbordstova
Senere arrangement: 15. mars
STARTGROPA - Breim: Konsert og programslipp