| |
FREDAG 31. AUGUST |
 |
KÅSERI OM ÅRETS FESTIVALPROGRAM
Fredag 31.august kl 09:00
Aulaen, Firda vgs
Solobratsjist i KORK, Nora Taksdal og fiolinist og dirigent Per Kristian Skalstad held kåseri om årets festival for musikklineelevane.
|
| |
IMPROVISASJONSWORKSHOP
Fredag 31.august kl 10:00 – 14:00
Firda vgs.
Fredag formiddag får elevane på musikklinja på Firda vgs møte ein av sine store heltar – Mathias Eick, eit av norsk jazz sine største namn. Ein dyktig musikar og ein god pedagog. Det er ei storhending at elevane skal få arbeide med han ein heil dag og sidan høyre han på konsert.
|
 |
LUNSJKONSERT
Fredag 31.august kl 12:00
I bilhallen hos FRYDENBØ bilsenter på Sandane
Det har vorte ein tradisjon at Distriktmusikarane i Gloppen held konsert ved lunsjtid ein av dagene under festivalen. I år har dei også med seg musikarane i Førde og Sogn.
Det er og ein tradisjon å prøve ut nye konsertarenaer, og i år legg vi lunsjkonserten under glastaket på Frydenbø sin bilhall, midt mellom fleire av Gloppen sine store og viktige arbeidsplassar.
Bilane ut – musikken og publikum inn!
|
 |
FOTBALLKAMP
Fredag 31.august kl. 16:00
Sandane stadion
Eit møte mellom Musicians United (musikarane på festivalen) og Fotballadelen (godt vaksne fotballentusiastar frå Gloppen).
Stor stemning!
|
|
MOTTAKING
Fredag 31.august kl 18:30
Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen
Vi inviterer til mottaking med kåseri, eit glas og god søgje.
|
 |
Opningskonsert
MATHIAS EICK med kvintett
Fredag 31.august kl 20:00
Kultursalen, Trivselshagen
Mathias Eick har med eit superlag av ein kvintett, og dei skal fylle kultursalen med det svingande og det overraskande! Dei tek oss med inn i jazzen si vakre og vare verd.
|
 |
LITTERÆRT NATTBAD:
TONE HØDNEBØ og STEINAR OPSTAD
Fredag 31.august kl 22:00
Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen
Tone Hødnebø og Steinar Opstad - to av våre mest kjende lyrikara – står i sentrum når vi møtest i biblioteket fredag kveld. Under det litterære nattbadet vil det bli opplesing og ein samtale med dei to forfattarane, - om skriving og lesing, om deira eigne bøker og bøker dei sjølve les for å kunne skrive. Hege Woxen leiar samtalen. Mathias Eick står for den musikalske ramma rundt nattbadet.
|
|
LAURDAG 1. SEPTEMBER |
 |
RYTMELEIK
Laurdag 1.september kl 11:00 – 12:30, Dramasalen i Trivselshagen
Kouame Sereba inviterer dei mellom 10 og 14 år til rytmeworkshop og samspel. Han har vore i kvar ei krok i landet og møter born og unge med sine rytmar, sine forteljingar, og sin helt unike evne til å få unge og gamle til å lage musikk i lag.
MUSIKK I BUTIKK
Laurdag 1. september, kl 12:30-13:30
Publikum kan uforvarande treffe på festivalmusikarane våre i butikkar i Sandane sentrum. Kom, høyr og kjøp!
SHAMA SHAMA med KOUAME SEREBA
Laurdag 1. september, kl. 14:00, Aulaen, Firda vgs.
Kouame kjem hit for å skape varme, rytme og liv for familiar og andre som set pris på ein god forteljing og eit godt musikalsk møte!
|
 |
”MI SJEL ER EI EOLS HARPE”
Laurdag 1.september kl 19:00
Vereide kyrkje
Nordic Voices, Samansett orkester, blåsekvintett
Oratorium av Kjell Habbestad over Jakob Sande sine tekstar
Gjennom åra har Gloppen Musikkfest både bestilt verk og produsert eigne framsyningar. Denne gong skal publikum få møte Jakob Sande i kyrkja og med musikk ingen har høyrt før! Komponisten er Kjell Habbestad. Verket får si urframføring under Gloppen Musikkfest 2012.
Jakob Sande var ein mangslungen forfattar. Han er kanskje mest kjend for visene sine og dei verdslege dikta, men han har også ei mengd tekstar som er meir sakrale. Kjell Habbestad har stått fritt til å plukke frå ulike tekstar og sett det saman til eit heile.
Verket har fått tittelen ”Mi sjel er ei Eols harpe” . Oratoriet er skreve i ein stor-kammermusikalsk form. Verket skal framførast av eit lite kammerorkester og seks songarar. Verket er skrive spesielt for vokalsekstetten Nordic Voices og vårt orkester. I orkestert vil ein finne fleire av Gloppen Musikkfest sine faste musikarar, henta frå dei beste orkestra i Noreg, Norden og Europa. |
| |
VIN OG MUSIKK
Laurdag 1. september, kl. 21:00
Kultursalen, Trivselshagen
Etter konserten i Vereide kyrkje møtast vi til kammermusikalske opplevingar på scena i kultursalen! Uformell ramme, musikarar av ypparste klasse, god musikk og publikum tett på, noko godt i glaset... - skal varme kropp og sjel! Vi får mellom anna høyre ”Die Forelle” av Franz Schubert.
|

|
SØNDAG 2. SEPTEMBER
MINNEKONSERT
Søndag 2. september, kl 15:00,
Kultursalen, Trivselshagen
Are Frode Søholt starta Gloppen Musikkfest i 2003, og var framleis viktig for drifta av festivalen då han døydde i januar 2012. På denne konserten vil kollegaer og vener i norsk musikkliv minnast og heidre han. Med Festivalmusikarane, Bergen Domkor m.fl. |