Åtte unge musikarar frå Vestland i samspel med kvarandre og våre to røynde Musikkfest-musikarar og kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik.
Dei har spelt i lag i tre dagar, og no legg dei ut på ein liten turné slik at publikum får høyre resultatet og møte ien ny generasjon musikarar. Fyrste konsert er i Breim, så vert det Fjaler og til slutt Bergen.
Det blir eit spanande og mangfaldig program - også grunna den utradisjonelle besetninga - med fiolin, bratsj, tre cello, kontrabass, to klarinettar og to fløyter. Dette blir moro!
Velkomen til Flekke og konsert!