Åtte unge musikarar frå Vestland i samspel med kvarandre og våre to røynde Musikkfest-musikarar og kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik.
Dei har spelt i lag i tre dagar, og no legg dei ut på ein liten turné slik at publikum får høyre resultatet og møte ien ny generasjon musikarar. Fyrste konsert er i Breim, så vert det Fjaler og til slutt Bergen.
Det blir eit spanande og mangfaldig program!
Og - vi er klare til å fortelje dykk om programmet for årets festival.
Velkomen til Breim og konsert! https://gloppenmusikkfest.ticketco.events/no/nb