KUNSTNARLEG LEIING

Audun Sandvik og Per Kristian Skalstad er kunstnarlege leiarar av Musikkfesten, og saman med festivalsjef og programråd er dei ansvarlege for programmering av festivalen. Saman bidreg dei med eit stort og godt nettverk av gode musikarar og ein strøm av leikne påfunn og innspel – til beste for festivalen.

 Foto © Andreas Eikeseth Nygjerd

Foto © Andreas Eikeseth Nygjerd

PK & AUDUN


Allsidige Per Kristian - PK! Etter mangeårige virke som kvartettmusikar, konsertmeister og fiolinsolist, har han dei seinere åra vigd seg hovudsakleg til dirigering, både av symfonisk musikk og opera. Han utvidar stadig både repertoar og territorium og blir (re)engasjert i inn- og utland. Eitt av PKs fortrinn som maestro, er nettopp hans varierte erfaring som utøvar, og hans evne til å vere lydhøyr. Han frydar seg også over fordjuping i italiensk - operakunstens eige språk. PK spelar på ein fiolin som har tilhøyrt PKs med-drammensar Johan Halvorsen - ein av våre store nasjonale musikkfedrar. Det er ein 300 år gammal italiensk «Rogeri». PK har spelt inn ei soloplate med Halvorsens musikk - på nettopp meisterens eige instrument. 

Audun er veteranen i Gloppen Musikkfest.Han begynte si solistverksemd på Troldhaugen - i heimbyen Bergen - som 16-åring. Til dagleg er Audun solocellist i KORK og Det Norske Kammerorkester, og blei nyleg utnemnd til professor ved Norges arktiske universitet i Tromsø. Tjuagutten Audun er kjent frå ei rekkje solist-framføringar i radio og tv. Audun kombinerer gjerne det uttrykksfulle spelet med ei leiken og forløysande framferd på scena.

Audun er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Indiana University i USA. Han har hyppige solistoppdrag og har vunne ei rekkje prisar, som den høgthengande «Unges Lindemanpris» i 2013. I fjor spelte han og pianist Sveinung Bjelland inn ein cd med sonatar av Rakhmaninov og nettopp - Sjostakovitsj.

Audun spelar på ein cello som blei bygd i Roma i 1695, av fiolinmakaren Giorgio Tanginger.