GLOPPEN MUSIKKFEST

Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og eit treff mellom gode musikarvener. I 2008 vart Stiftinga Gloppen Musikkfest etablert. I 2013 - på den ellevte festivalen - feira vi ti-årsjubileum. Med festivalen i 2018 og anna aktivitet gjennom året er me allereie halvvegs inn i dei neste ti åra.

Gjennom åra har GMF som organisasjon endra seg mykje – men kjernen er den same: Musikkfesten har som mål å skape eit aktivt kunst- og kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå - ikkje berre i Gloppen, men i heile fylket. Den kunstnarlege visjonen har vore nedfelt i vedtektene våre sidan oppstart i 2003. Frå 2013 har GMF gjort grep og fått viktig støtte frå mellom anna fylkeskommunen, Kulturrådet og Gloppen kommune i arbeidet med å verta ein klassisk musikkfestival for heile fylket.

Dei siste åra har vi og lagt vekt på å skipe til konsertar og anna gjennom året, m.a. med satsinga på unge klassiske utøvarar frå fylket.