Back to All Events

Famileframsyning: Kongens tromme - fleirspråkleg musikkforteljing

  • Gloppen Folkebibliotek Gota Sogn og Fjordane, 6823 Norge (map)

Forteljarane Beathe Frostad & Raymond Sereba


Musikalsk fleirspråkleg forteljarframsyning på Gloppen Folkebibliotek

Språk blir rytme, som blir til musikk, musikk blir til forteljing.

Denne fleirspråklege forteljarframsyning er sydd saman slik at alle kan forstå, uansett kva for eit av språka du beherskar. Vi leiker med rytmane i språket, musikalitet, og vi leiker med borna.

I ei gamal vestafrikansk forteljing, får vi ei klok løysing på verdas problem. Raymond Sereba og Beathe Frostad fortel på gagou og norsk om den grådige skilpadda og den gode kongen. Her blir språk til rytme som blir musikk, og musikk blir forteljing. Vi leiker med rytmane i språket, musikalitet, og vi leiker med borna. Undervegs inviterer vi til samhandling og dialog gjennom ord og musikk.

Her er det inga øvre eller nedre aldersgrense.

GRATIS

Earlier Event: September 7
Morgon på Lauget
Later Event: September 7
Kringla Heimsins - Gallakonsert