Sep
9
3:00 PM15:00

Avslutningskonserten 2018

Årets siste festivalkonsert

Me rundar av ei fabelaktig festivalveke med festivalmusikarane i Vereide kyrkje søndag ettermiddag. Her får me mellom anna servert Svendsens strykekvintett og Larssons blåsekvintett, samt fleire nordiske songar i nye arrangement. Me vonar publikum vil vere med oss på denne avrundinga av Gloppen Musikkfest 2018.

Prisar

Vaksne: 300,-

Born:      100,-

View Event →
Sep
8
10:00 PM22:00

Musikalsk nachspiel

Nachspiel på Gloppen Hotell

Laurdag kveld avsluttar me i kjellaren på Gloppen Hotell som tidlegare år. Snippen er lausare, men kvaliteten minst like god. Å seie kva me kan forvente å sjå på scena er umogleg, men at det blir god stemning tør me garantere. Slå deg ned ved eit bord og slå følgje med vertskapet inn i laurdagsnatta. 

Pris: 200,-

Pakkepris for gallakonsert og nachspiel: 400,-

 

 

 

View Event →
Sep
8
7:00 PM19:00

Grand galla

Den store gallakonserten

Litt ekstra stas skal det jo vere ein laurdag kveld, og då høver det bra med ein skikkeleg gallakonsert i Kultursalen. Her skal alle musikarar i sving, både festivalmusikarane våre og dei unge klassiskarane. Her er noko av det du får høyre.  Definitivt verdt å få med seg!

- Franz Berwald: "Septett"

 - Johan Helmich Roman: "Fløytesonate"

 - Carl Nielsen: "To fantasistykker"

 - Franz Schubert: "Siste sats fra oktett"

og så får dei Unge Klassikarane ei eiga avdeling

Utøvarar:

Festivalmusikarane

Unge Klassikarar

 

Prisar

Vaksne: 300,-

Born:      100,-

View Event →
Sep
8
2:00 PM14:00

Barnekonsert: Oksen Ferdinand

Årets barnekonsert

Berit Cardas har framførd si forteljing om Oksen Ferdinand til stor glede for born over heile landet. Det var born i kretsen rundt våre kunstneriske leiarar som fortalde oss om denne fantastiske forestillinga som hadde vitja skulen deira, og då er det klart at den må me jo få vist i Gloppen. Berit speler og fortel og det er store sjansar for at ho får litt musikalsk hjelp frå andre festivalmusikarar undervegs.

Denne konserten presenterer me i samarbeid med Gloppen Folkebibliotek og arrangementet finn stad der kl 14.00 og er heilt gratis.

View Event →
Sep
8
9:00 AM09:00

Frukostkonsert

Musikalsk morgonstund på Lauget Kaffi og Kultur

Kva med litt levande musikk til frukosten? Dei siste åra har me starta laurdagen på dette viset, der billetten inkluderer frukostmat. Kven som dukkar på scena vil vere ei overrasking, men det vil vere festivalmusikarar og ikkje minst nokre av dei våre Unge Klassikarar, som kjem til Sandane på kammerseminar og som skal opptre på Grand Galla-konserten på kvelden. 

Pris med frukost: 200,-

 

View Event →
Sep
7
9:00 PM21:00

Nordens indre stemmer

Kammerkonsert i Kultursalen

Fredag kveld snur me oss rundt og plasserer både musikarar og publikum på scena i Kultursalen og presenterer ei intim konsertoppleving med toppmusikarar. For ein perfekt måte å avrunde fredagen på!

Klaveravdeling:

- Edvard Grieg: “Melodi” op 47 og “Du fatter ei Bølgernes evige gang” op 52.

 - Alf Hurum: “Miniatyr”

 - Sverre Bergh: "Norsk dans"

 - Harald Sæverud: “Kjempeviseslåtten”

 - Sibelius: Impromptu op 5/5, “Granen” og “Bjørken” op 75, Arabesque op 76

Songavdeling

 - Jean Sibelius: “Illalle” og “En slända”

 - Wilhelm Stenhammar: “Sjärnöga” + “Adagio”

 - Heyse: “Det var sig humleranken” og “Jeg kenner af navn kun guldet”

 

- Edvard Grieg: sonate for cello og klaver. 

 

Beate Mordal, song

Audun Sandvik, cello

Håvard Gimse, klaver

 

Billettar

Vaksne: 300,-

Born:     100,-

 Pakkepris for kammerkonsertar fredag: Vaksne: 400,- / Born    : 150,-

                                                                           

 

View Event →
Sep
7
6:00 PM18:00

To nordiske bautaer

Bautaer i den nyopna Heradsstyresalen

Heradshuset nyopnar nokre veker før Gloppen Musikkfest og kva er vel meir på sin plass enn å teste Heradsstyresalen med kraftig kammermusikk? Her får du høyre to verk som verkeleg er bautar er i den nordiske musikken: Jean Sibelius sin strykekvartett og Carl Nielsen sin blåsekvintett

 

Denne fredagen reindyrkar me kammerformatet med to konsertar.

Utøvarar:

Sara Övinge, fiolin

Berit Cardas, fiolin

Aine Suzuki, bratsj

Audun Sandvik, cello

Peter Fridholm, fløyte

Björn Nyman, klarinett

Eva Kruse Steinaa, obo

Stefán Jón Bernhardsson, horn

 

Billettar

 

Vaksne:    300,-

Born:        100,-

 

 

 

 

View Event →
Sep
7
12:00 PM12:00

Nordisk lys

Konsert med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane

Det er alltid ei glede å kunne presentere dei flotte Distriktsmusikarane me har her i fylket. Denne konserten har dei siste åra spela for fullt hus, og det vert nok minst like populært i år. I tråd med festivalens tema tek programmet utgangspunkt i eit nordisk repertoar. Denne konserten føregår òg i år på Frydenbø bilsenter.

Utøvarar:

Ann-Margrit Silfverhielm

Otto Ose

Henrik Silfverhielm

Thomas Aanonlie

Tone Holgersson

Helga Lied Wyrtz

Jacob Wyrtz

Arvid Anthun

Jon Kristian Bye

Henri Eftevand

Christine Marøy

Bjørn Gisle Seter

Akiko Anazawa

Leif Aslaksrud

Hans Holgersson

Håkon Høgemo

Tom Karlsrud
 

Konserten er gratis

 

View Event →
Sep
6
7:00 PM19:00

Opningskonsert

Den tradisjonelle opningskonserten

Denne vil som tidlegare verte presentert frå scena i Kultursalen. Her kjem vil alle våre strålande festivalmusikarar bidra i ulike format og samansetnader, og her vil det bli presentert ein herleg bukett nordiske komponistar.

Det du får høyre denne kvelden er: 

- Edvard Grieg: "Andante con moto" - klavertrio

- Hans Abrahamsen: "Landskaber" - blåsekvintett

- Songavdeling:

- Ture Rangstrøm: "Pan" og "Vingar i natten"

- Jean Sibelius: "Flickan kom ifrån sin älsklings möte" og "Var det en  dröm?" (Op 37)

- Sigfus Einarsson: “Draumalandir”

- Johan Svendsen: Oktett for strykere

 

Billetar

Vaksne: 300,-

Born:     100,-

 

View Event →
Sep
5
9:00 PM21:00

Filmvising: 69 minutter av 86 dager

Filmvising med levande musikk

69 minutter av 86 dager er ein dokumentarfilm som hadde premiere i 2017. Den føl 3 år gamle Lean og familien hennar som er på flukt frå Syria. Det leikande bornet står i sterk kontrast til dei skremmande kulissane Europa byr på. Filmen har vorte ein vakker og roleg film som mellom anna viser dei mange tilsynelatande vanlege augeblikka ein opplever på ei svært uvanleg reise.

Regi:     Egil Håskjold Larsen

Klaver:  Bugge Wesseltoft

Cello:    Audun Sandvik

Prisar

Vaksne: 150,-

Born:      100,-

Pakkepris vandring og filmvising: Vaksne 200,- /  Born     150,- 

                                                                    

View Event →
Sep
5
7:00 PM19:00

Litterær portal til Norden

Vandrekonsert på uteområdet til Nordfjord Folkemuseum. 

5 musikarar frå 5 nordiske land speler eit sjølvald program i kvar si stove på det fantastiske uteområdet til Nordfjord Folkemuseum. I kvar stove vil det òg vere ein formidlar som vil lese litterære utdrag frå same land. 

Utøvarar:

Stefán Jón Bernhardsson (is)

Eva Kruse Steinaa (dk)

Björn Nyman (fi)

Peter Fridholm (se)

Audun Halvorsen (no)

Prisar

Vaksne: 150,-

Born:     100,-

Billettar til denne konserten må kjøpast/reserverast på Nordfjord Folkemuseum

View Event →