Atle Sponberg og Ann-Helen Moen

Gloppen-ven og superfiolinist Atle Sponberg kjem, saman med den strålande sopranen Ann-Helen Moen. Atle Sponberg har markert seg som ein mangestrenga musikant. Han er aktiv som solist, kammermusikar og orkesterleiar - og har spelt over heile verda. Merittlista er endelaus! I tillegg gjer Atle stor suksess med sin “take” på argentinsk tango. Og dette skal vi få glede av laurdagskvelden! Ann-Helen er ein svært allsidig og mykje brukt sopran kjend for sterke tolkingar av eit breitt repertoar. Atle og Ann-Helen supplerer salongorkesteret - og vi står i fare for å bli med til eit kokande dansegolv i Argentina alle i hop.


Sveinung Bjelland

…er i første rekke blant våre klassiske pianistar både som solist og kammermusikar. Han har spela med våre største orkester, og gjesta konsertseriar og festivalar over heile Europa. Sveinung er professor ved Norges Musikkhøgskole og  Universitetet i Agder.

Foto:

Nordic voices

 … består av songarane Tone Braaten, Ingrid Hanken, Ebba Rydh, Per Kristian Amundrød, Frank Havrøy og Rolf Asser. Til saman har dei ein brei bakgrunn innan opera, komposisjon, kyrkjemusikk og dirigering. Nordic Voices sitt repertoar spenner frå middelalder til samtidsmusikk; dei er truleg det mest aktive ensemblet i Norge dei siste femten åra, som har bestilt og framført nye verk i sin sjanger.

Per Kristian Skalstad / Ida Klokk-Bryhn / Audun Sandvik

Per Kristian er ein allsidig fiolinist, dirigent og orkesterleiar for ballett, opera, musikkteater og symfoniske produksjonar. Han var i ei årrekke i den kunstneriske leiinga i GMF, og er i år tilbake som entusiastisk gjestespelar og ikkje minst gjestekurator!

Ida og bratsjen hennar var med på den første Gloppen musikkfest i 2003, og har gjesta festivalen jamnleg sidan det. No er ho ein av to kunstneriske leiarar. Ho er solobratsjist i Det Norske Kammerorkester, og underviser på Norges Musikkhøgskole og Barratt Due.

Auduns inderlege spel og leikne framferd gjer han til ein ettertrakta solist, kammermusikar, orkestermusikar og cellopedagog. Audun spelar i Det norske Kammerorkester, er professor i Tromsø og ein av våre kunstneriske leiarar.

Foto: Magnus Skrede



Liv Hilde Klokk-Bryhn

Som fiolinist er ho fast medlem i Oslo Strykekvartett, er ein av grunnleggarane av Oslo Quartet Serie og spelarr også i Det Norske Kammerorkester. Som pedagog er ho alltid opptatt av den historiske og politiske konteksten musikken er skriven i.

Foto: Andrej Grilic


Aine Suzuki

… er fødd i Japan og har studert og jobba fleire stader rundt om i verda. Ho blei først utdanna fiolinist, men så fann ho bratsjen og tok videre utdanning med den. Ho er førstebratsjist hos Den Norske Opera og Ballett og spelar i Det Norske Kammerorkester.


Foto: Bård Gundersen

Frida Frederikke Waaler Wærvågen

… er solocellist i Bergen filharmoniske orkester. I tillegg jobbar ho som frilansmusikar med base på Austlandet. Ho er også fast gruppeleiar i strykeorkesteret Ensemble Allegria.

Foto: Anna-Julia Granberg


Zoran Markovic

Kontrabassisten på årets festival, er slovensk. Han har studert og arbeidd mange stader i Europa, men bur no i Ljubljana der han underviser og har det som base for orkester- og solistoppdrag over heile Europa.

Embrik Snerte

… er til dagleg alternerande solofagottist i Kringkastingsorkesteret (KORK), med stort hjarte for samtidsmusikk og improvisasjon. Han spelar også med Det Norske Kammerorkester, Oslo Sinfonietta og Ensemble Ernst.

Björn Nyman

Björn Nyman er ein av Nordens fremste klarinettistar i sin generasjon, og ein etterspurd kammermusikar og solist. Han er soloklarinettist i Kringkastingsorkestret og i Det Norske Kammerorkester.

Foto: Ettore Causa

Per Håkon Oftedal

Per Håkon Oftedal er trompetist, er frå Sandane, men bur i Salzburg. Han er aktiv i tidleg og ny musikk, og spelar regelmessig hjå ensemble spesialisert på historisk oppføringspraksis. Han har også eit sterkt pedagogisk engasjement. 

Foto: Andreas Eikesth Nygjerd


Trio vest

… med saxofonist Roger Andreas Holme, klarinettist Marita Elise Holme  - begge frå Gloppen, og slagverkar Mathias Matland, held til i Bergen. Ensemblet jobbar for å løfte fram norsk musikk som er skriven til instrumenta deira og er no i gang med sin turné "Duo på norsk". 


Jonas Øren

.. er dansekunstnar, koreograf og skribent med utdanning i klassisk ballett og dans frå Kunsthøgskulen i Oslo. Han har arbeidd med dansen innanfor fleire kontekstar og i samarbeid med aktørar frå ulike felt.

Foto: Martin Rustad Johansen

Aud Marit Skarrebo Holmen

… er festivalkunstnar for Gloppen Musikkfest 2023. Ho er biletkunstnar og pedagog, frå Vestfold, men no bur og arbeider ho i Gloppen. Hovudmateriale i hennar kunstneriske arbeide  er ord, setningar, aforismar og dikt ho skriv sjølv.

Kjell Habbestad

…er ein av Noregs sentrale komponistar. Verklista inkluderer dramatiske verk,  orkesterverk, solokonsertar, kam­mer­­verk, verk for orgel og piano og ei mengd korverk og motettar. Han er professor emeritus i musikkteori og komposisjon ved Noregs musikk­høgskole i Oslo.

Foto: Lars Brynglesson

Craig Farr

 … er ein engelsk komponist og slagverkar som har hatt Bergen som base sidan 1997. Der er han slagverkar i Sjøforsvarets Musikkorps. Som komponist har Farr levert verk til Bergen Filharmoniske Orkester, Bit20, Sjøforsvarets Musikkorps og har vore festivalkomponist ved Hardanger Musikkfest.

Foto: Kristoffer Øen

Ann-Margrit Siegrist Silfverhielm

Songar Ann-Margrit Silfverhielm er distriktsmusikar i Gloppen kommune. Ho skal supplere festivalensemblet under opningskonserten. Ann-Margrit er mykje brukt som solist i kyrkjemusikalske verk, og blir elles innleigd til ulike arrangement og konsertar.

Marin Stallemo Bakke

…er fiolinist og hardingfelespelar, fødd i Kristiansand. Ho er tilsett som Distriktsmusikar i Sogn med hardingfele og folkemusikk som hovudfagfelt. Ho supplerer festivalensemblet under opningskonserten med sitt hardingfelespel. Ho har brei musikalsk erfaring, og er ein mykje nytta musikar i mange ulike høve.

Foto: David Zadig

Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn.

Distriktsmusikarane er: 
Sunnfjord - Henri Eftevand, fiolin, Julia Gåsvær, trompet, Christine Marøy, song, Ole Nilssen, trekkspel, Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele, Noemi Utasi, piano, Jacob Wyrtz, gitar, Helga Wyrtz, fløyte
Sogn - Bjørn Gisle Seter, song, Akiko Anazawa, piano, Leif Aslaksrud, basstrombone, Marin Stallemo Bakke, fele/hardingfele, Hans Holgersson, cello
Lærdal - Tom Karlsrud, trekkspel 
Gloppen - Thomas Aanonlie, slagverk, Tone Støylen Holgersson, piano, Otto Ose, fiolin, elbass, Ann-Margrit Silfverhielm, song, Henrik Silfverhielm, cello

Foto: Magnus Skrede


 
Embed Block
Add an embed URL or code. Learn more