Heim

 

FOTO: THOMAS OLSEN   

 

Musikken kan, for ei stund,
rive sorgene i sund.

Med orda Henry Purcell har brukt i ei av hans mest kjende songar, ”Music for a while” inviterer vi nok ein gong til musikkfest på Sandane. I år vert festivalen arrangert på same tid som Sandanedagane, og på den måten får vi i fellesskap skapt ein kulturell happening av det sjeldne! Vi kan love eit yrande liv i sentrum med knallgode tilbod i butikkane, og store kulturelle opplevingar om kvelden.

TORSDAG 14. AUGUST

 

Aulaen, Firda vgs., kl. 18:30
Roald Dahls 'Heksene'

En opera til skrekk og advarsel!
av Marcus og Ole Paus
Pris: 250,- (vaksne) // 150,- (born) // 200,- (vennepris) // 400,- (familie)

// Les meir om operaen her

FREDAG 15. AUGUST 

 

Aulaen, Firda vgs., kl. 20:00
Konsert med vokalgruppa Pitsj
Pris: 150,- // 100,- (vennepris)

// Meir om konserten

 

Nordfjord folkemuseum, kl. 21:30
Vin & musikk

Etter konserten med Pitsj inviterar vi publikum til hyggeleg samvære med festivalmusikarane. Ein kan få seg noko å drikke og oppleve perlar frå musikkhistoria.


LAURDAG 16. AUGUST 

 

Sandane stadion, tid TBA
Fotballkamp

MUSICIANS UNITED

MOT EIT LOKALT LAG

 

Aulaen, Firda vgs., kl. 20:00
Konsert med Ole Paus

Pris: 200,- // 150,- (vennepris)
Heile kvelden: 250,- // 200,- (vennepris)

// Meir om konserten

 

Nordfjord folkemuseum, kl. 22:00
Atle Sponberg med venner.
Schubert-oktett med dei ypparste klassiske musikarane
Pris: 150,- // 100,- (vennepris)

// Meir om konserten

     

SØNDAG 17. AUGUST

 

Aulaen, Firda vgs., kl. 19:30
Music for a while
med Tora augestad, Stian Carstensen med fleire
Pris: 150,- // 100,- (vennepris)

// Meir om konserten

TORSDAG 14. AUGUST - LAURDAG 23. AUGUST

 

Sandane Senter

Sleppet - lydkunstutstilling

Fri entre.

// Meir om utstillinga


FREDAG 15. AUGUST - SØNDAG 17. AUGUST

 

Sandanedagane
Ei lang rekkje spennande aktivitetar for store og små, og mange gode tilbod i butikkar og på stands frå fredag til søndag. Ikkje minst er det dagar for hygge, trivsel og sosialt samvere.
Arr.: Sandanedagane

// Meir om programmet til Sandanedagane


 
 
   

HOVUDSPONSORAR

 

 
 

 

BILLETTAR

Billettar til festivalens arrangement kan tingast ved å sende e-post til billettar(at)gloppenmusikkfest.no. Ein kan også kjøpe billettar hos Skinlo & Co. frå 1. august. Om ein har nervar til det, kan ein også vente med å kjøpe billett til ein står i døra til konserten. Det er ikkje plassreserveringar, så ein bør møte opp i god tid for å få dei beste plassane.

Hugs at ein får svært gode rabattar om ein er med i Gloppen Musikkfest si venneforeining!

 

KONTAKT

Gloppen Musikkfest

Kongens gate 4, 0153 Oslo

Tel.: + 47 92 636 939

Epost: are(at)gloppenmusikkfest.no