KYRKJEKONSERT
Søndag 15. August, kl 18:00
Vereide kyrkje

Vakker kyrkjekonsert
Vi inviterer til kyrkjekonsert med mykje spennande på programmet. Blant anna får vi høyre den friske Nonetten av Louis Spohr og ein blåsekvintett vil framføre sjølvaste ”Rolls Roycen” innan repertoaret for blåsekvintettar: Carl Nielsens blåsekvintett, skriven i 1922. Den er nordisk og spennande, og alle dei fem instrumenta får verkeleg prøvd seg. Verket blir i dag rekna som eit av hovudverka til Carl Nielsen. I tillegg får vi høyre Mari Eriksmoen framføre Mozarts «Exsultate jubilate».
Pris: 150,-. Sal ved døra eller hos Skinlo & co
|