HOVEDØEN SOCIAL CLUB

Torsdag 13. august, kl. 20.00

Kulturhuset i Trivselshagen

Pris: 200 + avg

Kjøp billett her: www.billettluka.no/trivselshagen

Høyr norske slagerar i cubansk drakt!

Musikar, komponist og arrangør Sverre Indris Joner har sett saman denne seks-tetten med kubanske musikarar, der tekstar frå norske populærmusikkslagerar er arrangert og spelt som ekte og fyrrig kubansk salsa.

Joner har stilt seg sjølv følgjande spørsmål:  - Kva om vi ein dag vakna og oppdaga at Noreg plutseleg låg i Karibia? - Kva ville skjedd om ein tok dagens og gårsdagens norske populærmusikk, og flytta den i tid og stad? - Kva om den karibiske øya St. Croix ikkje vart seld av Danmark/Noreg til USA, men vart målet for norske immigrantar? Svaret er eit forrykande møte mellom norske slagerar og fyrrige kubanske rytmar. Buena Vista Social Club møter Kari Diesen – la deg swinge med!

Meir info, med lydfiler, om Hovedøen Social Club HER.

 

   

 

DUKKETEATER

Fredag 14. aug // 15.00 & 16.00

Sandane Senter

Kaspar og vidundersekken

Kaspar har fått i oppgåve å passe  godt på ei skattekiste. Men så kjem det ei gamal kone luskande forbi. Er det ei heks, kanskje? Ho har med seg ein stor sekk. Kva vil ho med den? Ho seier til Kaspar at han vil få sjå noko fantastisk om han berre vil stikke hovudet ned i sekken... Det går bra tilslutt fordi alle borna hjelper Kaspar. (Stykket passar for born fra 2-10 år  og varer 35 minutt)

     

NORDIC TENORS

Fredag 14. august, kl 20.00

Kulturhuset i Trivselshagen

Pris: 200 + avg

Kjøp billett her: www.billettluka.no/trivselshagen

Humoristisk tenorshow

Med eit repertoar som spenner frå pop og jazz til humørfylte tolkingar av opera og musikalar, har Nordic Tenors sunge seg inn i folks hjarte. At også klassisk skulerte songarar kan ha humoristisk sans, synte dei då dei fekk Komiprisen for «Årets nykomar» i 2006. Dei har fått strålande kritikkar for den musikalske førestellinga Bella Notte, som er blitt vist i Bergen og i Oslo. Dei tre tenorane er Sveinung Hølmebakk, Aasmund Kaldestad og Jan-Tore Saltnes. På piano: Sjur Hjeltnes.

Meir om Nordic Tenors HER.

 

       

LITTERATUR & MUSIKK

Fredag 14. august, kl. 22.00

Biblioteket i Trivselshagen

Gratis

Etter konserten med Nordic Tenors, blir det eit laussleppt møte med forfattaren Hans Sande og unge skribentar frå Sandane på biblioteket i Trivselshagen.

Dette møtet er eit resultat av Gloppen litteraturfest sitt arrangement i april, kor Hans Sande hadde skriveverkstad med skuleelevar frå Gloppen. Mellom lese-øktene får vi latinamerikansk musikk av Sverre Indris Joner og den brasilianske cellisten Gustavo Tavares.

 

     

DEN VESLE PRINSEN

Laurdag 15. august, kl 14.00

Kulturhuset i Trivselshagen

Pris: 100 / 50 (born) + avg

Kjøp billett her: www.billettluka.no/trivselshagen

Ei framsyning for heile familien

«Den vesle prinsen» er ei framsyning for heile familien, og byggjer på Antoine de Saint-Exupérys verdskjende bok «Den vesle prinsen» og fortel om korleis han reiser ut i verda for å finne vener.

Historia er vakkert sett i scene med element frå norsk folkemusikk og folkedans. Dei medverkande er Gro Marie Svidal (dans, fele og skodespel), Ulf-Arne Johannessen (dans og skodespel) og Tom Karlsrud (trekkspel).

Førestillinga er produsert av Førde internasjonale folkemusikkfestival, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

       

FOTBALLKAMP

Laurdag 15. august, kl 17.00

Sandane stadion

STIL Old Boys har trent i heile vinter for å forsvare den knappe sigeren frå i fjor. Men det skremmer ikkje musikarane, som også har lege i hardtrening! Møt opp til ein underhaldande kamp!

     

LA FUENTE

Atle Sponberg m.fl

Laurdag 15. aug // 20.00

Kulturhuset i Trivselshagen

Pris: 150 + avg.

Kjøp billett her: www.billettluka.no/trivselshagen

Ei fontene av musikalske idear

Fiolinvirtuosen Atle Sponberg har fått med seg jazzsongaren Live Maria Roggen frå gruppa Come Shine, akkordeonvirtuosen Frode Haltli, jazzbassisten Mats Eilertsen og den klassiske pianisten Sveinung Bjelland. Sponberg ønskjer med dette prosjektet å utvikle ei konsertform som sameinar fleire sjangrar på same konsert med hovudvekt på klassisk musikk, argentinsk tango og element av jazz. La Fuente kan på norsk tyde «Fontena». Og det er nettopp det denne konserten vil bli; ei fontene av musikalske idear.

 

       

VIN & MUSIKK

Laurdag 15. aug // 22.00

Biblioteket i Trivselshagen

Gratis

Etter konserten med La Fuente opnar vi dørene til biblioteket i Trivselshagen for hyggeleg samvere i lag med festivalmusikarane og unge talent frå Gloppen. Ein kan få seg noko å drikke og få servert perler frå musikkhistoria.

     

KYRKJEKONSERT
Hilde Haraldsen Sveen &
Atle Sponberg med kammerorkester
Søndag 16. august, kl 19.00

Vereide kyrkje
Pris: 150

Billettar kan kjøpast hos Skinlo & Co

Slik naturen ler i ein solbakke

Opplev ein av Noregs fremste songarar, Hilde Haraldsen Sveen, framføre kjende ariar og songar av Mozart, spesialarrangert for eit lite kammerorkester på åtte musikarar under leiing av Atle Sponberg. Etter avdelinga med Mozart får vi høyre Beethovens vakre Septett i Ess-dur, Op. 20. Beethovens septett var svært populær medan han levde, og er framleis eit elska verk. Det er ikkje vanskeleg å forstå, rik som den er på melodiøse tema, friske rytmar og fantasifull fargelegging.

Den kjende amerikanske poeten, Walt Whitman, har ordlagt seg slik om septetten: «Somme gonger er det som
om Naturen ler i ei fjellside bada i lys; alvorlege og stødige grunntonar, som frå vind; ein låt av hornet tonar gjennom
skogens mylder, og dei døyande ekkoa; milde skvulp av bølgjer, men som brått reiser seg i brottsjø; piskar frådande, knurrande, tungt; kvasse skrall av latter, somme tider underlege, som om natur sjølv er i vekslande humør - men for det meste spontan, lett og ubekymra....»

       

 

BILLETTAR

På konsertane i Trivselshagen er det førehandsal på www.billettluka.no/trivselshagen og på Heradshuset på Sandane i tillegg til sal ved døra ein time før konsert. Avgift er kr 20 per billett. For konserten i Vereide kyrkje blir det førehandsal på Skinlo & Co og ved døra.

GLOPPEN MUSIKKFEST SINE VENNER

Meld deg inn i Gloppen Musikkfest

sine venner, og få rabatt:

venner@gloppenmusikkfest.no

HOVUDSPONSORAR